151707_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
151707
Fleire hotellovernattingar i januar
statistikk
2014-03-11T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjanuar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire hotellovernattingar i januar

I januar 2014 var det 1,26 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 1 prosent fleire enn i januar 2013.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og måned
Januar 2014Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarJanuar 2014
Overnattingar i alt1 550 4861 165 604384 8821 550 486
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 255 271982 671272 6001 255 271
Campingplassar110 81695 43615 380110 816
Hyttegrender169 21477 02592 189169 214
Norske Vandrerhjem15 18510 4724 71315 185
Figuren viser talet på overnattingar i hotell og liknande overnattingsbedrifter i januar, fordelt på norske og utanlandske gjester. Talet på utanlandske overnattingar utgjer  22 prosent av overnattingar i alt. Totalt er det ein oppgang på 1 prosent frå januar 2013 og januar 2014.

Samanlikna med januar 2013 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 1,4 prosent, frå 822 millionar kroner til 834 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk ned frå 881 kroner til 878 kroner.

Utanlandske hotellovernattingar uendra

Utanlandske hotellovernattingar var om lag det same, 273 000 overnattingar mellom januar 2013 og januar 2014. Norske overnattingar steig i same periode med 7 000 overnattingar.

Overnatting i samband med yrke dominerer med 46 prosent av overnattingane i januar 2014, om lag det same som januar 2013. Kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp med 6 prosent, medan ferie- og fritidsovernattingar fall med 1 prosent.

Færre campingovernattingar

Talet på campingovernattingar fall frå 133 000 til 111 000 overnattingar frå januar 2013 til januar 2014. Det var 19 prosent færre norske overnattingar, medan utanlandske campingovernattingar var om lag uendra.

Færre norske overnattingar på hyttegrender

Det vart registrert 169 000 overnattingar på hyttegrendene i januar 2014, mot 180 000 overnattingar i januar 2013, ein nedgang på 10 prosent. Det var 10 prosent færre norske overnattingar og 2 prosent færre utanlandske overnattingar i same periode.

Fleire overnattingar på Svalbard

I januar 2014 var det 3 300 hotellovernattingar på Svalbard, ein auke på 27 prosent i forhold til januar 2013.