151711_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
151711
Ein god månad for hotella
statistikk
2014-05-07T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarmars 2014

Innhald

Publisert:

Oppdatert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ein god månad for hotella

I mars 2014 var det 1,64 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 7 prosent fleire enn i mars 2013.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og måned
Mars 2014Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarMars 2014
Rettet 20. mai 2014.
Overnattingar i alt2 027 8501 557 472470 3785 431 375
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 637 0941 282 262354 8324 339 473
Campingplassar178 896160 00218 894462 380
Hyttegrender188 243100 45887 785573 088
Norske Vandrerhjem23 61714 7508 86756 434
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

Samanlikna med mars 2013 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 14,7 prosent, frå 947 millionar kroner til 1 087 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk opp frå 897 til 905 kroner.

Fleire utanlandske hotellovernattingar 1

Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 42 000, eller 13 prosent, mellom mars 2013 og mars 2014. I same perioden steig talet på norske overnattingar med 5 prosent, eller 60 800 overnattingar.

Overnattingar i samband med yrkesreiser samt ferie- og fritidsovernattingar dominerer med høvesvis 43 og 39 prosent av overnattingane i mars 2014. Rekna frå mars 2013 auka talet på yrkesovernattingar samt kurs- og konferanseovernattingar med høvesvis 23 og 15 prosent. I same perioden vart det derimot 9 prosent færre ferie- og fritidsovernattingar.

Det er viktig å leggje merke til at påska i 2013, med unntak av 2. påskedag, var i mars, medan heile påska i år var i april. I påskemånaden er det som regel færre yrkes- og kursovernattingar, men fleire ferieovernattingar på hotella.

Færre norske campingovernattingar

Talet på campingovernattingar utgjorde 179 000 i mars 2014, ein nedgang på 41 prosent frå mars 2013. Norske overnattingar viste ein tilbakegang på 44 prosent, medan utanlandske overnattingar steig med 2 prosent. Dei store endringane her heng òg saman med at påska fall på ulike månader i 2013 og 2014.

Færre overnattingar på hyttegrender

Det vart registrert 188 000 overnattingar på hyttegrendene i mars 2014. Dette er ein nedgang på 19 prosent frå same månaden i fjor. Det var 37 000 færre norske og 8 000 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i mars 2014 enn i mars 2013.

Stadig fleire overnattingar på Svalbard 1

I mars 2014 var det 14 100 hotellovernattingar på Svalbard, som svarar til ein auke på 17 prosent frå mars 2013.

 

1 Tala er retta 19.05.2014.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.