14344_om_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
14344_om
statistikk
2014-06-06T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
false
Overnattingsstatistikken for april 2014 viser at det er ein nedgang for overnattingar i hotell, samanlikna med mars 2013.

Overnattingarapril 2014

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Overnattingar
Emne: Transport og reiseliv

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for næringslivets konjunkturer

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

For alle overnattingsverksemder gjeld talet på verksemder som er registrerte som opne minst ein dag i perioden.

Kommersielle overnattingar. Omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, camping og vandrarheim.

Hotell og liknande overnattingsverksemder er verksemder som tilbyr overnatting, for ei natt eller fleire veker, kor det tilbys møblert overnatting i gjesterom eller suiter. Servicen gjeld dagleg reinhald av rom, men har ingen øvre avgrensingar i kva som blir tilbydt.

Bustadland: Internasjonale turistar skal klassifiserast i samsvar med det landet dei bur i, og ikkje i samsvar med statsborgarskap. Frå eit turismestandpunkt er kvar person som flyttar til eit anna land og har tenkt å bu der i meir enn eitt år, å sjå som tilhøyrande dette landet. Bustadland blir avgjort ved hjelp av spørsmål, eller for eksempel ved hjelp av adressa til personen, medan statsborgarskap går fram av personen sitt pass (eller anna legitimasjonsdokument).

Ei overnatting: Ein person som overnattar ei natt. Ein person kan ha fleire overnattingar på same stad.

Einingsdøgn: Ei eining (familie eller reisefølgje) som overnattar i ei hytte, leilegheit eller eit rom uavhengig av kor mange personar det er i eininga ei natt.

Ein ankomst er ein person som kjem for å overnatte. Ein personen blir tald berre ein gong, uavhengig av kor lenge personen blir.

Senger og rom på hotell gjeld talet på senger og rom i dei bedriftene som er registrerte som opne. Rom og senger er to ulike mål på kapasiteten ved eit hotell, fordi romma i ulik grad er enkelt- eller dobbeltrom. Eit hotell med til dømes berre dobbeltrom kan ha 100 prosent utnytting av romma, medan sengene berre er utnytta til 50 prosent.Kapasitetsutnytting av senger og rom kan såleis vise ulik utvikling frå ein periode til ein annan. 

Kapasitetsutnytting av senger i hotell er talet på overnattingar i prosent av talet på sengedøgn, der sengedøgn er talet på senger i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden.

Kapasitetsutnytting av rom i hotell er selde rom i prosent av romdøgn, der romdøgn er talet på rom i hotellet multiplisert med talet på døgn som hotellet har vore ope i perioden.

Losjiomsetning ved hotella er omsetning for overnattingar, altså ikkje omsetning for eventuell servering, sjølv om måltid er inkludert i prisen for opphaldet.
Med oppgåver over losjiomsetning, talet på overnattingar og selde rom, kan ein berekne gjennomsnittlege prisar både per overnatting og per rom. Nokre verksemder endrar kapasitet i året. Med opplysningar om senge- og romkapasiteten i verksemda dei ulike månadene, vert talet på senger og rom på års- eller sesongbasis berekna som eit månadleg gjennomsnitt.
1. januar 2016 og 1. Januar 2018 auka den låge meirverdiavgiftssatsen med 2 % frå høvesvis 8 til 10 % i 2016, og frå 10 til 12 % i 2018. Under koronapandemien i 2020, vart den låge merverdiavgiftssatsen redusert til 6 %, gjeldande frå 1. april og ut året. Det er i motsetning til serveringsomsetning som har 25 prosent. For å lette arbeidet som verksemda har med fordeling av pensjonsprisen mellom omsetning med låg og høg sats, kan verksemdene nytte Finansdepartementet sine forskrifter av 28. november 1977.

Formål for opphaldet.

Under inndelinga «Kurs eller konferanse» førast gjester som er på kurs eller konferanse, uavhengig av om kurset arrangerast på overnattingsstaden eller i området.

Under «Yrke» førast handelsreisande, offentleg ansatte, forretningsdrivande, montørar, reparatørar eller liknande som overnattar på hotell i samband med utføring av yrket.

Under «Ferie/fritid» førast antall overnattingar for gjester som har ferie og fritid som formål med opphaldet.

Familiemedlemmar som reiser saman med nokon som enten overnattar med «yrke» eller «kurs og konferanse» som formål føres også under dette formålet, sjølv om deira formål er ferie eller fritid. Årsaka til dette er at det er rimeleg å anta at dei ikkje ville utført denne overnattinga om det ikkje var for reisa som den yrkesreisande eller den som skal på kurs eller konferanse gjennomfører.

Hyttegrender er hytter, leilegheiter og rom som er tilrettelagd for sjølvstell og organisert som ei samling av enkeltståande einingar. Ved sjølvstell er graden av service vanlegvis redusert og inkluderer til dømes ikkje dagleg oppreiing av senger og vask av rom og eventuelle sanitæranlegg som hyttene måtte vere utstyrte med. Verksemdene må vere under felles leiing, med eigen resepsjon og drive på kommersiell basis.

Campingplassar er verksemder som tilbyr ein plass for campingbilar, bubilar, telt eller tilsvarande som kan nyttast til overnatting. Dei kan også tilby overnatting i hytter, men dersom dei berre har hytter blir de definert som hyttegrend.
Totalkapasitet for campingplassen er summen av alle hytter, rorbuer, leilegheiter og oppstillingsplassar for telt, campingvogn, bubil eller sesongkontraktar.

Sesongkontrakt: Campingvogn eller telt på fast kontrakt (sesongkontrakt) er leige av fast plass for vogn eller telt til ein pris uavhengig av kor mykje den er i bruk.

Private fritidsbustader: Private hytter, hus, leilegheiter, rom o.l. som primært er bygd/kjøpt for å tene eigars eige behov for fritid og rekreasjon, i motsetnad til hytter som er bygd for kommersielle formål.

Landsdel: Regionalt nivå mellom fylke og heile landet. Landsdelane er satt saman av fylker.

Standard klassifikasjonar

Undersøkinga nyttar Standard for næringsgruppering 2007 (SN2007) som standard klassifikasjon. Dette er en norsk tilpassing av EUs standard NACE som utgjer grunnlaget for klassifisering av einingar etter viktigaste aktivitet i SSBs virksomhets- og foretaksregister. Sjå NACE 55 (Overnattingsvirksomhet) i https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/6.

Standard for fylke: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/104
Standard for kommune: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/131
Standard for reiselivsregionar: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/527
Standard for landsdel: https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/106

Administrative opplysingar

Bakgrunn

Produksjon

Nøyaktigheit og pålitelegheit