151713_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
151713
Færre hotellovernattingar i april
statistikk
2014-06-06T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Overnattingsstatistikken for april 2014 viser at det er ein nedgang for overnattingar i hotell, samanlikna med mars 2013.

Overnattingarapril 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre hotellovernattingar i april

I april 2014 var det 1,30 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 12 prosent færre enn i april 2013.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
April 2014Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarApril 2014
Overnattingar i alt1 814 4021 462 545351 8577 245 777
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 295 8051 038 617257 1885 635 278
Campingplassar320 641299 25121 390783 021
Hyttegrender177 067112 99164 076750 155
Norske Vandrerhjem20 88911 6869 20377 323
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

Samanlikna med april 2013 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 17,9 prosent, frå 991 millionar til 814 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk ned frå 903 til 881 kroner.

Færre norske hotellovernattingar

Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk ned med 34 000, eller 12 prosent, mellom april 2013 og april 2014. I den same perioden fall talet på norske overnattingar med 12 prosent, eller 136 000 overnattingar.

Overnatting i samband med ferie og fritid eller yrke dominerer med høvesvis 44 og 42 prosent av overnattingane i april 2014. Yrkesovernattingar viste saman med kurs- og konferanseovernattingar ein nedgang på høvesvis 17 og 30 prosent frå april 2013 til den same månaden året etter. Derimot auka talet på ferie- og fritidsovernattingar i den same perioden med 4 prosent. Det er viktig å leggje merke til at påska i 2013, med unntak av 2. påskedag, var i mars, medan heile påska i år var i april. I påskemånaden er det som regel færre yrkes- og kursovernattingar, men fleire ferieovernattingar på hotella.

Fleire norske campingovernattingar

Talet på campingovernattingar utgjorde 321 000 i april 2014, som er ein oppgang på 6 prosent frå april 2013. Norske overnattingar steig med 11 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk ned med 39 prosent. Dei store endringane heng òg saman med at påska fall i ulike månader i 2013 og 2014.

Fleire overnattingar på hyttegrender

Det vart registrert 177 000 overnattingar på hyttegrendene i april 2014. Dette inneber ein oppgang på 14 prosent frå den same månaden i fjor. Det var 24 000 fleire norske, og 3 000 færre utanlandske, hyttegrendovernattingar i april 2014 enn i april 2013.

Stadig fleire overnattingar på Svalbard

I april 2014 var det 13 700 hotellovernattingar på Svalbard, som er 2 prosent fleire enn i april 2013.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.