151715_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
151715
Fleire hotellovernattingar i mai
statistikk
2014-07-04T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarmai 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire hotellovernattingar i mai

I mai 2014 var det 1,66 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 9 prosent fleire enn i mai 2013.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
Mai 2014Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarMai 2014
Overnattingar i alt2 493 3201 898 745594 5759 739 097
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 658 4921 237 190421 3027 293 770
Campingplassar640 364568 96771 3971 423 385
Hyttegrender162 41474 81187 603912 569
Norske Vandrerhjem32 05017 77714 273109 373
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

Samanlikna med mai 2013 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 10 prosent, frå 987 millionar kroner til 1 085 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk opp frå 903 kroner til 911 kroner 1 .

Fleire utanlandske hotellovernattingar

Utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 39 000, eller 10 prosent, mellom mai 2013 og mai 2014. Norske overnattingar auka i same periode med 9 prosent, eller 98 000 overnattingar.

Overnatting med formål yrke eller ferie og fritid dominerer hotellovernattingane i mai 2014, kvar med 43 prosent av overnattingane. Overnatting i samband med kurs- og konferanse står for dei siste 13 prosentane. Alle overnattingsformåla auka frå mai 2013 til mai 2014. Kurs og konferanse auka med 12 prosent og ferie- og fritidsovernattingar med 11 prosent. Yrkesovernattingar auka i same periode med 6 prosent.

Fleire campingovernattingar

Det var 640 000 campingovernattingar i mai 2014, ein oppgang på 8 prosent frå mai 2013. Utanlandske overnattingar steig med 11 prosent, medan norske overnattingar gjekk opp med 7 prosent.

Fleire utanlandske overnattingar i hyttegrender

Det vart registrert 162 000 overnattingar i hyttegrendene i mai 2014, ein oppgang på 20 prosent frå same periode i fjor. Det var 19 000 fleire utanlandske, og 8 000 fleire norske hyttegrendovernattingar i mai 2014 samanlikna med same månad i 2013.

Stadig fleire overnattingar på Svalbard

I mai 2014 var det 11 000 hotellovernattingar på Svalbard, ein auke på 5 prosent jamført med mai 2013.

 

1 Tala i avsnittet blei retta, 9. juli 2014.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.