Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire utanlandske hotellovernattingar
I juni 2014 var det 2,18 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 2 prosent fleire enn i juni 2013.
Juni 2014 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | Juni 2014 | |
Overnattingar i alt | 3 778 742 | 2 550 326 | 1 228 416 | 13 517 839 |
Hotell og andre overnattingsbedrifter | 2 183 837 | 1 424 488 | 759 349 | 9 477 607 |
Campingplassar | 1 269 191 | 958 192 | 310 999 | 2 692 576 |
Hyttegrender | 270 914 | 139 206 | 131 708 | 1 183 483 |
Norske Vandrerhjem | 54 800 | 28 440 | 26 360 | 164 173 |
Samanlikna med juni 2013 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 0,4 prosent, frå 1 323 millionar til 1 328 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk derimot ned frå 909 til 898 kroner.
Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 33 000, eller 5 prosent, mellom juni 2013 og juni 2014. I den same perioden steig talet på norske overnattingar med 1 prosent, eller nærare 18 000 overnattingar.
Overnatting i samband med ferie og fritid eller yrke dominerer med høvesvis 54 og 36 prosent av overnattingane i juni 2014. Ferie- og fritidsovernattingar viste saman med yrkesovernattingar ein oppgang på høvesvis 4 og 1 prosent frå juni 2013 til den same månaden året etter. Derimot gjekk talet på kurs- og konferanseovernattingar i den same perioden ned med 1 prosent.
Fleire campingovernattingar
Talet på campingovernattingar utgjorde 1 269 000 i juni 2014, som er ein auke på 12 prosent frå juni 2013. Talet på norske og utanlandske overnattingar steig med høvesvis 11 og 16 prosent. På grunn av omrekning frå einingsdøgn til gjestedøgn for nokre verksemder kan ikkje tala utan vidare samanliknast med tidlegare periodar. Sjå Om statistikken for meir informasjon.
Fleire overnattingar på hyttegrender
Det vart registrert nærare 271 000 overnattingar på hyttegrendene i juni 2014. Dette inneber ein oppgang på 7 prosent frå den same månaden i fjor. Det var 3 000, eller 2 prosent, fleire norske og
14 000, eller 12 prosent, fleire utanlandske hyttegrendovernattingar i juni 2014 enn i juni 2013.
Stadig fleire overnattingar på Svalbard
I juni 2014 var det 12 500 hotellovernattingar på Svalbard, som er 4 prosent fleire enn i juni 2013.
Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk
Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54