151721_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
151721
Rekordsommar for hotellovernattingar
statistikk
2014-10-03T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Statistikken gir blant annet overnattingstall for hotell, camping, hyttegrender og vandrerhjem. I august 2014 var det 2,4 millioner overnattinger ved norske hotell.

Overnattingaraugust 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordsommar for hotellovernattingar

I august var det 2,4 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 7 prosent fleire enn i august 2013. Det har aldri vore fleire overnattingar ved norske hotell enn sommaren 2014.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
August 2014Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarAugust 2014
Overnattingar i alt4 029 7202 614 0801 415 64022 918 862
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter2 402 2971 557 543844 75414 445 757
Campingplassar1 243 947876 685367 2626 266 888
Hyttegrender324 317155 088169 2291 917 635
Norske Vandrerhjem59 15924 76434 395288 582
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp med 354 000, eller 5 prosent, frå sommarmånadene juni, juli og august i 2013 til 7,2 millionar i den same tremånadersperioden i år. I det same tidsrommet steig talet på utanlandske og norske overnattingar med høvesvis 7 og 4 prosent. Dette utgjorde nærare 173 000 respektive 181 000 overnattingar.

Også losjiomsetninga auka i august

Samanlikna med august 2013 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 5 prosent, frå 1 251 millionar til 1 314 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom steig frå 866 til 871 kroner.

Overnatting i samband med ferie og fritid eller yrke dominerer med høvesvis 58 og 32 prosent av overnattingane i august i år. Ferie- og fritidsovernattingar viste saman med yrkesovernattingar ein oppgang på 6 prosent frå august 2013 til den same månaden året etter.

Fleire campingovernattingar

Talet på campingovernattingar kom opp i 1,2 millionar i august 2014, som er ein oppgang på 8 prosent frå august i fjor. Ser vi på nasjonalitet, steig talet på norske overnattingar 7 prosent, til 877 000. Auken for utanlandske overnattingar var 10 prosent, slik at talet kom opp i 367 000.

Fleire norske hytteovernattingar i august

Det vart registrert nærare 324 000 overnattingar på hyttegrendene i august 2014. Dette inneber ein oppgang på 3 prosent frå den same månaden i fjor. Det var 15 prosent fleire norske, men samstundes 7 prosent færre utanlandske hyttegrendovernattingar i august 2014 enn i august 2013.

Stadig fleire overnattingar på Svalbard

I august 2014 var det nærare 15 000 hotellovernattingar på Svalbard. Dette er 10 prosent fleire enn i august 2013.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.