151723_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
151723
Fleire hotellovernattingar i september
statistikk
2014-11-13T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Overnatting, hotell, camping, hyttegrender, vandrerhjem. I september 2014 var det 1,8 millionar overnattingar ved norske hotell.

Overnattingarseptember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire hotellovernattingar i september

I september 2014 var det 1,8 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 7 prosent fleire enn i september i fjor.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
September 2014Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarSeptember 2014
Overnattingar i alt2 423 5601 849 287574 27325 342 422
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 816 9341 381 588435 34616 262 691
Campingplassar418 573353 32065 2536 685 461
Hyttegrender159 03996 22762 8122 076 674
Norske Vandrerhjem29 01418 15210 862317 596
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp med 84 000, eller 6 prosent, frå september i 2013 til 1,4 millionar i 2014. I den same perioden steig talet på utanlandske overnattingar med 11 prosent, eller nærare 43 000 overnattingar.

Også losjiomsetninga auka i september

Samanlikna med september 2013 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 9 prosent, frå 1 146 millionar til 1 251 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk opp til 836 kroner.

Overnatting i samband med ferie og fritid eller yrke dominerer kvar med 42 prosent av overnattingane i september i år. Ferie- og fritidsovernattingar viste saman med yrkesovernattingar ein oppgang på høvesvis 9 og 7 prosent frå september 2013 til september 2014.

Fleire campingovernattingar

Talet på campingovernattingar var på 419 000 i september 2014, det er 19 prosent fleire enn september i fjor. Norske og utanlandske overnattingar steig høvesvis med 20 og 13 prosent til 353 000 og 65 000.

Færre norske hytteovernattingar i september

Det vart registrert nærare 159 000 overnattingar på hyttegrendene i september 2014. Dette inneber ein nedgang på 0,5 prosent frå same månad i fjor. Det var 9 000 eller 8 prosent færre norske overnattingar, medan det var små endringar i dei utanlandske hyttegrendovernattingane.

Stor auke i talet på overnattingar på Svalbard

I september 2014 var det nærare 9 000 hotellovernattingar på Svalbard, som er 18 prosent fleire enn i september 2013.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.