Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire ferie- og fritidsovernattingar i oktober
I oktober 2014 var det 1,6 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 1 prosent fleire enn i oktober i fjor. Ferie- og fritidsovernattingar ved norske hotell viste ein oppgang på 7 prosent frå oktober 2013 til oktober 2014.
Oktober 2014 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | Oktober 2014 | |
Overnattingar i alt | 1 862 676 | 1 511 790 | 350 886 | 27 208 017 |
Hotell og andre overnattingsbedrifter | 1 559 422 | 1 263 569 | 295 853 | 17 822 113 |
Campingplassar | 175 142 | 157 458 | 17 684 | 6 861 307 |
Hyttegrender | 105 771 | 75 749 | 30 022 | 2 184 660 |
Norske Vandrerhjem | 22 341 | 15 014 | 7 327 | 339 937 |
Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 16 000, eller 6 prosent, frå oktober i 2013 til 296 000 i 2014. I den same perioden heldt talet på norske overnattingar omtrent same nivå, eller nærare 1,3 millionar overnattingar.
Overnatting i samband med ferie og fritid eller yrke dominerer med høvesvis 38 og 44 prosent av overnattingane i oktober i år. Ferie- og fritidsovernattingar viste ein oppgang på 40 000 overnattingar eller 7 prosent frå oktober 2013 til oktober 2014. Overnattingar i samband med kurs- og konferanse- og yrkesovernattingar gjekk samla ned med 23 000 overnattingar, eller 2 prosent.
Små endringar i losjiomsetninga i oktober
Samanlikna med oktober 2013 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 1 prosent, frå 1 071 millionar til 1 081 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk opp frå 897 kroner til 903 kroner.
Fleire campingovernattingar
Talet på campingovernattingar var på 175 000 i oktober 2014, det er 3 prosent fleire enn oktober i fjor. Norske overnattingar steig med 8 prosent til 157 000, medan utanlandske overnattingar gjekk ned 30 prosent til 18 000.
Fleire norske hytteovernattingar i oktober
Det vart registrert nærare 106 000 overnattingar på hyttegrendene i oktober 2014. Dette inneber ein oppgang på 6 prosent frå same månad i fjor. Det var 7 500 eller 11 prosent fleire norske overnattingar, medan det var 5 prosent nedgang i dei utanlandske hyttegrendovernattingane.
Stor auke i talet på overnattingar på Svalbard
I oktober 2014 var det 6 000 hotellovernattingar på Svalbard, noko som er 8 prosent fleire enn i oktober 2013. 7 av 10 overnattingar på Svalbard i oktober var ferie- og fritidsovernattingar.
Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk
Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54