151727_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
151727
Svak nedgang for hotellovernattingar
statistikk
2015-01-12T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Statistikken gir blant annet overnattingstall for hotell, camping, hyttegrender og vandrerhjem. I november 2014 var det 1,5 millioner overnattinger ved norske hotell.

Overnattingarnovember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak nedgang for hotellovernattingar

I november 2014 var det 1,51 millionar overnattingar ved norske hotell, mot 1,52 millionar i november 2013. Dette er ein nedgang på 1 prosent.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
November 2014Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarNovember 2014
Overnattingar i alt1 741 7991 439 942301 85728 949 816
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 507 2371 242 316264 92119 329 350
Campingplassar136 385122 47613 9096 997 692
Hyttegrender80 70763 38817 3192 265 367
Norske Vandrerhjem17 47011 7625 708357 407
Figur 1. Hotell og likande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 11 prosent frå november 2013 til 265 000 den same månaden i 2014. I den same perioden gjekk talet på norske overnattingar ned 3 prosent.

Samanlikna med november 2013 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 2 prosent, frå 1 078 millionar til 1 055 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk ned frå 921 kroner til 911 kroner. Kapasitetsutnyttinga for tilgjengelege rom gjekk ned frå 55,0 prosent i 2013 til 52,1 prosent i november året etter.

Fleire norske campingovernattingar

Det var 136 000 campingovernattingar i november 2014. Det er 10 prosent fleire enn i november 2013. Talet på norske overnattingar auka med 12 prosent, medan utanlandske overnattingar derimot gjekk ned 7 prosent.

Fleire norske hytteovernattingar i november

Det vart registrert 81 000 overnattingar på hyttegrendene i november 2014. Dette inneber ein oppgang på 8 prosent frå den same månaden året før. Det var 21 prosent fleire norske overnattingar, medan det var 23 prosent nedgang for dei utanlandske hyttegrendovernattingane.

Svak auke i talet på overnattingar på Svalbard

I november 2014 var det 3 300 hotellovernattingar på Svalbard, noko som er 2 prosent fleire enn i november 2013. Ferie- og fritidsovernattingar utgjer mesteparten og sto for 62 prosent av hotellovernattingane på Svalbard i november 2014.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.