Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
God start på året for hotella
I januar 2015 var det 1,33 millionar overnattingar ved norske hotell, mot 1,26 millionar i januar 2014. Dette er ein oppgang på 6 prosent. Auken kjem først og fremst på grunn av ferie- og fritidsovernattingar.
Januar 2015 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | Januar 2015 | |
Overnattingar i alt | 1 640 465 | 1 219 519 | 420 946 | 1 640 465 |
Hotell og andre overnattingsbedrifter | 1 327 712 | 1 029 320 | 298 392 | 1 327 712 |
Campingplassar | 114 298 | 99 679 | 14 619 | 114 298 |
Hyttegrender | 182 330 | 79 280 | 103 050 | 182 330 |
Norske Vandrerhjem | 16 125 | 11 240 | 4 885 | 16 125 |
Det var 19 prosent fleire ferie- og fritidsovernattingar på norske hotell i januar 2015 enn i den same månaden i fjor. Dermed utgjorde fritidsovernattingane 551 000 i januar. Ser vi på korleis dei ulike typane overnatting fordeler seg, dominerer overnatting i samband med ferie og fritid eller yrke med høvesvis 42 og 43 prosent av hotellovernattingane i januar i år. Talet på yrkes- og kursovernattingar gjekk rett nok ned med høvesvis 2 og 3 prosent i den same perioden.
Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 9 prosent frå januar 2014 og endte på 298 000 i januar 2015. I den same perioden gjekk talet på norske overnattingar opp 5 prosent, til i alt 1 029 000 overnattingar.
Samanlikna med januar 2014 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 2 prosent, frå 834 millionar til 852 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 876 kroner i januar 2015, om lag det same som januar 2014.
Fleire norske campingovernattingar
Det var 114 000 campingovernattingar i januar 2015. Det er 3 prosent fleire enn i januar 2014. Talet på norske overnattingar auka med 4 prosent til nærare 100 000, medan utanlandske overnattingar gjekk ned 5 prosent til nærare 15 000.
Auka hytteovernatting i januar
Det vart registrert 182 000 overnattingar på hyttegrendene i januar 2015. Dette inneber ein oppgang på 8 prosent frå den same månaden året før. Det var 12 prosent fleire utanlandske overnattingar, medan det var 3 prosents oppgang for dei norske hyttegrendovernattingane.
Fleire ferie- og fritidsovernattingar på Svalbard
I januar 2015 var det 4 900 overnattingar på Svalbard, som er 49 prosent fleire enn i januar 2014. Talet på ferie- og fritidsovernattingar auka med 74 prosent i januar i år. Med dette utgjer ferie- og fritidsovernattingar fortsatt mesteparten og sto for 63 prosent av hotellovernattingane på Svalbard i januar 2015.
Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk
Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54