Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire hotellovernattingar i februar
I februar 2015 var det 1,51 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 67 000 eller 5 prosent fleire enn same månad i 2014. Det er særleg overnattingar i samband med ferie og fritid som aukar.
Februar 2015 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | Februar 2015 | |
Overnattingar i alt | 1 929 276 | 1 400 496 | 528 780 | 3 569 741 |
Hotell og andre overnattingsbedrifter | 1 514 177 | 1 142 560 | 371 617 | 2 841 889 |
Campingplassar | 160 320 | 142 314 | 18 006 | 274 618 |
Hyttegrender | 237 554 | 104 888 | 132 666 | 419 884 |
Norske Vandrerhjem | 17 225 | 10 734 | 6 491 | 33 350 |
Det var 91 000 eller 14 prosent fleire ferie- og fritidsovernattingar i norske hotell i februar 2015 enn i same periode i fjor. Overnatting i samband med ferie og fritid eller yrke dominerer med høvesvis 49 og 38 prosent av hotellovernattingane i februar i år. Yrkesovernattingar gjekk ned med 5 prosent i same periode .
Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 25 000, eller 7 prosent, frå februar 2014 og var på 372 000 i februar 2015. I den same perioden gjekk talet på norske overnattingar opp 4 prosent til i alt 1 143 000 overnattingar.
Samanlikna med februar 2014 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 4 prosent, frå 889 millionar til 923 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 896 kroner i februar 2015, ein auke på 6 kroner frå februar 2014.
Færre campingovernattingar
Det var 160 000 campingovernattingar i februar 2015. Det er 7 prosent færre enn februar 2014. Norske og utanlandske overnattingar gjekk ned med høvesvis 7 og 6 prosent.
Fleire hytteovernattingar i februar
Det vart registrert 238 000 overnattingar på hyttegrendene i februar 2015. Dette tilsvarer ein oppgang på 10 prosent frå same månad året før. Det var 11 000 fleire norske og utanlandske overnattingar, eller ein oppgang på høvesvis 12 og 9 prosent.
Fleire ferie- og fritidsovernattingar på Svalbard
I februar 2015 var det 10 000 overnattingar på Svalbard, noko som er 41 prosent fleire enn i februar 2014. Ferie- og fritidsovernattingar auka med 2 200 overnattingar eller ein auke på 50 prosent frå februar i fjor. Med dette utgjer ferie- og fritidsovernattingar framleis mesteparten av overnattingane, og stod for 65 prosent av hotellovernattingane på Svalbard i februar 2015.
Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk
Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54