Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire utanlandske hotellovernattingar
I mars 2015 var det 1,65 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 0,6 prosent fleire enn i den same månaden i 2014. Det var i overkant av 10 000 fleire utanlandske overnattingar i mars, som inneber ein auke på 2,9 prosent.
Mars 2015 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | Mars 2015 | |
Overnattingar i alt | 2 118 727 | 1 626 716 | 492 011 | 5 688 468 |
Hotell og andre overnattingsbedrifter | 1 646 415 | 1 281 225 | 365 190 | 4 488 304 |
Campingplassar | 218 599 | 200 757 | 17 842 | 493 217 |
Hyttegrender | 231 077 | 128 661 | 102 416 | 650 961 |
Norske Vandrerhjem | 22 636 | 16 073 | 6 563 | 55 986 |
Det var 10 prosent fleire ferie- og fritidsovernattingar på norske hotell i mars 2015 enn i den same månaden i fjor. Talet på yrkesovernattingar gjekk ned med 7 prosent til 655 000 overnattingar i den same perioden. Kurs- og konferanseovernattingar utgjorde i underkant av 282 000 overnattingar. Dette svarar til ein nedgang på 1 prosent frå mars i fjor.
Talet på norske hotellovernattingar gjekk ned med 0,1 prosent frå mars 2014 og var på 1,28 millionar eitt år etter. I den same perioden gjekk talet på utanlandske overnattingar opp frå 355 000 til 365 000.
Samanlikna med mars 2014 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 0,7 prosent, frå 1 087 millionar til 1 080 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 916 kroner i mars 2015, 1 prosent meir enn i mars året før.
Fleire norske campingovernattingar
Det var 219 000 campingovernattingar i mars 2015. Det er 22 prosent fleire enn i den same månaden i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk opp med 26 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk ned med 6 prosent.
Fleire hytteovernattingar i mars
Det vart registrert 231 000 overnattingar på hyttegrendene i mars 2015. Dette representerer ein relativt sterk auke samanlikna med mars 2014. Auken har truleg utanforliggjande årsaker som næringsendringar og feilregistrering. Uansett var det auke for både norske og utanlandske overnattingar.
Fleire kurs- og konferanseovernattingar på Svalbard
I mars 2015 var det nær 15 000 overnattingar på Svalbard, noko som er 4,7 prosent fleire enn i mars 2014. Talet på kurs- og konferanseovernattingar auka med 22 prosent frå mars i fjor. Ferie- og fritidsovernattingar utgjer framleis mesteparten av overnattingane, og stod for 58 prosent av hotellovernattingane på Svalbard i mars.
Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk
Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.
Påska påverkar tala for camping- og hyttegrendovernattingarÅpne og lesLukk
Når ein vurderer tala for camping og hyttegrender, er det verdt å leggje merke til at første delen av påskeveka var i mars månad i 2015, medan heile påska var i april i fjor. Tala for dese to månadene kan derfor ikkje utan vidare samanliknast.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54