208895_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
208895
God månad for hotella
statistikk
2015-06-05T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Overnatting, hotell, camping, hyttegrender, vandrerhjem. I april 2015 var det 1,42 millionar overnattingar ved norske hotell.

Overnattingarapril 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

God månad for hotella

I april 2015 var det 1,42 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 127 000 eller 10 prosent fleire enn i same månad i 2014. Det var i overkant 50 000 fleire utanlandske overnattingar i april 2015, ein auke på 20 prosent.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
April 2015Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarApril 2015
Overnattingar i alt1 924 0291 505 876418 1537 612 497
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 422 9991 115 340307 6595 911 303
Campingplassar290 574268 80421 770783 791
Hyttegrender187 791106 52981 262838 752
Norske Vandrerhjem22 66515 2037 46278 651
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

Størst oppgang hadde ferie- og fritidsovernattingar med ein auke på 54 000 eller 9 prosent fleire overnattingar enn i same månad i fjor. Kurs- og konferanseovernattingar hadde størst prosentvis oppgang med 28 prosent til 222 000 overnattingar. Yrkesovernattingar auka 5 prosent.

Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp med 77 000, eller i overkant av 7 prosent, frå april 2014 og var på 1,11 millionar i april 2015. Samanlikna med april 2014 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 15 prosent, frå 814 millionar til 935 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 912 kroner i april 2015, ein auke på 3,5 prosent frå april 2014.

Færre norske campingovernattingar

Det var 291 000 campingovernattingar i april 2015. Det er 9,4 prosent færre enn april 2014. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 10 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk opp med 2 prosent.

Fleire utanlandske hytteovernattingar i april

Det vart registrert 188 000 overnattingar på hyttegrendene i april 2015 mot 177 000 i same månad i fjor. Det utgjer ein oppgang på 6 prosent frå april 2014.

Utanlandske overnattingar auka med 27 prosent i april 2015, medan norske overnattingar gjekk ned med 6 prosent i same periode.

Fleire ferie- og fritidsovernattingar på Svalbard

I april 2015 var det i underkant av 17 000 overnattingar på Svalbard, noko som er 21 prosent fleire enn i april 2014.

Ferie- og fritidsovernattingar auka med 27 prosent frå april i fjor og har 70 prosent av alle hotellovernattingane på Svalbard i april 2015.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.