208897_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
208897
Stadig fleire hotellovernattingar
statistikk
2015-07-03T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Statistikken viser antall på overnattinger på hotell, camping, hyttegrender, vandrerhjem. I mai 2015 var det 1,72 millionar overnattinger ved norske hotell.

Overnattingarmai 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig fleire hotellovernattingar

I mai 2015 var det 1,72 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 66 000 eller 4 prosent fleire enn same månad i 2014. Utanlandske gjestar stod for 74 prosent av veksten.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
Mai 2015Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarMai 2015
Overnattingar i alt2 572 1201 928 756643 36410 184 617
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 724 2451 254 415469 8307 635 548
Campingplassar654 669579 10775 5621 438 460
Hyttegrender162 84477 80685 0381 001 596
Norske Vandrerhjem30 36217 42812 934109 013
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

Det var 49 000 fleire utanlandske overnattingar i mai 2015 enn i same månad året før. Dette tilsvara ein auke på 12 prosent. Talet på norske hotellovernattingar gjekk i same periode opp med 17 000, eller 1 prosent. I mai var det 1,25 millionar norske overnattingar, og 470 000 utanlandske.

Størst oppgang hadde ferie- og fritidsovernattingar med ein auke på 109 000 eller 15 prosent samanlikna med mai 2014. Kurs- og konferanseovernattingar hadde ein oppgang på 2 prosent til 224 000, medan yrkesovernattingar gjekk ned 7 prosent til 674 000.

Litt billigare hotellrom

Samanlikna med mai 2014 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 0,4 prosent, frå 1 085 millionar til 1 089 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 902 kroner i mai i år, noko som er ein nedgang på 1 prosent frå mai i fjor.

Fleire campingovernattingar

Det var 655 000 overnattingar på campingplassar i mai 2015. Det er 2 prosent fleire enn i mai 2014. Talet på norske og utanlandske overnattingar gjekk opp med høvesvis 2 og 6 prosent.

Moderat oppgang i norske hytteovernattingar

Det vart registrert 163 000 overnattingar på hyttegrendene i mai 2015. Det utgjer ein oppgang på 0,3 prosent frå mai 2014. Utanlandske overnattingar gjekk ned med 3 prosent, medan norske overnattingar gjekk opp med 4 prosent i same periode.

Fleire ferie- og fritidsovernattingar på Svalbard

I mai 2015 var det i overkant av 12 000 overnattingar på Svalbard, noko som er 9 prosent fleire enn same månad året før. Ferie- og fritidsovernattingar auka med 10 prosent frå mai i fjor, og stod for 66 prosent av alle hotellovernattingane på Svalbard i mai 2015.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.