208899_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
208899
Framleis vekst i hotellovernattingar
statistikk
2015-08-20T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Statistikken gir blant annet overnattingstall for hotell, camping, hyttegrender og vandrerhjem. I juni 2015 var det 2,37 millioner overnattinger ved norske hotell.

Overnattingarjuni 2015

Innhald

Publisert:

Oppdatert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fordelingen mellom norske og utenlandske overnattinger er på grunn av nye innrapporteringer fra noen hoteller i Nord Norge endret med omlag en prosent. Riktige tall finnes i kildetabell i Statistikkbanken.

Framleis vekst i hotellovernattingar

I juni 2015 var det 2,37 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 9 prosent fleire enn i den same månaden i 2014.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
Juni 2015Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarJuni 2015
Fordelingen mellom norske og utenlandske overnattinger er på grunn av nye innrapporteringer fra noen hoteller i Nord Norge endret med omlag en prosent. Riktige tall finnes i kildetabell i Statistikkbanken.
Overnattingar i alt3 896 3422 620 8251 275 51714 080 959
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter2 371 4191 537 046834 37310 006 967
Campingplassar1 221 729933 819287 9102 660 189
Hyttegrender257 149125 447131 7021 258 745
Norske Vandrerhjem46 04524 51321 532155 058
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

Talet på utanlandske hotellovernattingar steig 10 prosent samanlikna med juni 2014. I det same tidsrommet gjekk talet på norske hotellovernattingar opp med rundt 8 prosent. I juni var det 1,54 millionar norske, og 834 000 utanlandske overnattingar.

I årets sjette månad var det 14 prosent fleire ferie- og fritidsovernattingar enn i juni i fjor. Kurs- og konferanseovernattingar hadde ein oppgang på 17 prosent til 267 000, medan talet på yrkesovernattingar gjekk ned 1 prosent til 775 000.

Dyrare hotellrom

Sett i høve til juni 2014 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 13 prosent, frå 1 328 millionar til 1 497 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 940 kroner i juni i år, noko som er 5 prosent dyrare enn i juni i fjor.

Færre campingovernattingar

Det var 1,22 millionar overnattingar på campingplassane i juni 2015. Det er ein nedgang på 3 prosent frå juni 2014. Talet på norske og utanlandske overnattingar gjekk ned høvesvis 2 og 8 prosent.

Færre norske hytteovernattingar

I juni 2015 vart det registrert 257 000 overnattingar på hyttegrendene. Det utgjer ein nedgang på 5 prosent frå juni 2014. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 10 prosent, medan tala for utanlandske overnattingar var omtrent uendra.

Fleire overnattingar på Svalbard

I juni 2015 var det i overkant av 13 000 overnattingar på Svalbard, som er 7 prosent fleire enn i den same månaden året før. Ferie- og fritidsovernattingar blei redusert med 100 til 8 300 overnattingar. Talet på kurs- og konferanseovernattingar steig med 1 500 til 4 800 frå juni i fjor til juni i år.

Totalt sett fleire overnattingar i juni

I juni 2015 var det 3,9 millionar overnattingar ved alle norske kommersielle overnattingsstader. Dette er 3 prosent fleire enn i den same månaden året før. Talet på norske og utanlandske overnattingar gjekk i juni 2015 opp høvesvis med 3 og 4 prosent.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.

Mindre fråfall og endra imputeringsmetode for campingtalaÅpne og lesLukk

Vi gjer merksam på at fråfallsprosenten for campingplassar har gått ned frå 10,4 prosent i juni 2014 til 4,6 prosent i juni i år. I tillegg, har metode for fråfallsimputering blitt justert frå og med juni 2015. Desse endringane kan medføre at den registrerte nedgangen i talet på campingovernattingar i juni 2015 er litt større enn reelt. Sjå også artikkelen for juni 2014 om revisjonsgjennomgangen for campingnæringa.