Innhald
Publisert:
Oppdatert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fordelingen mellom norske og utenlandske overnattinger er på grunn av nye innrapporteringer fra noen hoteller i Nord Norge endret med omlag en prosent. Riktige tall finnes i kildetabell i Statistikkbanken.
Hotella opplevde sin beste juli nokon gong
I juli 2015 var det 2,90 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 13 prosent fleire enn i den same månaden i 2014 og det største talet som er registrert i overnattingsstatistikken. Både fleire nordmenn og fleire utlendingar har valt å bu på hotell i den store feriemånaden.
Juli 2015 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | Juli 2015 | |
Fordelingen mellom norske og utenlandske overnattinger er på grunn av nye innrapporteringer fra noen hoteller i Nord Norge endret med omlag en prosent. Riktige tall finnes i kildetabell i Statistikkbanken. | ||||
Overnattingar i alt | 5 643 532 | 3 851 174 | 1 792 358 | 19 724 491 |
Hotell og andre overnattingsbedrifter | 2 897 064 | 1 855 499 | 1 041 565 | 12 904 031 |
Campingplassar | 2 253 875 | 1 729 054 | 524 821 | 4 914 064 |
Hyttegrender | 431 800 | 239 320 | 192 480 | 1 690 545 |
Norske Vandrerhjem | 60 793 | 27 301 | 33 492 | 215 851 |
Talet på utanlandske hotellovernattingar runda 1 million i juli 2015 for aller første gong og var 151 prosent høgare enn i juli 2014. I det same tidsrommet gjekk talet på norske hotellovernattingar opp med 12 prosent.
I årets sjuande månad var det 18 prosent fleire ferie- og fritidsovernattingar enn i juli i fjor.
Sett i høve til juli 2014 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 15 prosent, frå 1 115 millionar til 1 277 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 815 kroner i juli i år, som er 3 prosent høgare enn i juli i fjor.
Færre campingovernattingar
Det var 2,25 millionar overnattingar på campingplassane i juli. Det er 3 prosent færre enn i juli 2014. Talet på norske overnattingar gjekk ned 5 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar derimot gjekk opp 3 prosent.
Fleire hytteovernattingar
I juli 2015 vart det registrert 432 000 overnattingar på hyttegrendene. Det utgjer ein oppgang på 5 prosent frå juli 2014. Talet på norske og utanlandske overnattingar gjekk opp med høvesvis 8 og 2 prosent.
Færre overnattingar på Svalbard
I juli 2015 var det i underkant av 16 000 overnattingar på Svalbard, som er 1 prosent færre enn i den same månaden året før. Ferie- og fritidsovernattingar stod for 72 prosent av alle overnattingar på øygruppa i juli i år. Talet for ferie- og fritidsovernattingar blei redusert med 600 til 11 000 overnattingar.
1 Talet blei retta 5. november 2015.
Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk
Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.
Endra imputeringsmetode for campingtalaÅpne og lesLukk
Metode for fråfallsimputering er blitt justert frå og med juni 2015, noko som kan føre til at den registrerte nedgangen i talet på campingovernattingar i juli 2015 er litt større enn reelt.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54