208903_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
208903
Ny rekordsommar for hotellovernattingar
statistikk
2015-10-02T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Statistikken gir blant annet overnattingstall for hotell, camping, hyttegrender og vandrerhjem. I august 2015 var det 2,5 millioner overnattinger ved norske hotell.

Overnattingaraugust 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fordelingen mellom norske og utenlandske overnattinger er på grunn av nye innrapporteringer fra noen hoteller i Nord Norge endret med omlag en prosent. Riktige tall finnes i kildetabell i Statistikkbanken.

Ny rekordsommar for hotellovernattingar

I sommarmånadane juni, juli og august 2015 var det 7,8 millionar hotellovernattingar i Noreg. Det er 662 000 fleire enn same månadar året før, tilsvarande en auke på 9 prosent. Talet på utanlandske og norske overnattingar steig med høvesvis 71 og 131 prosent.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
August 2015Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarAugust 2015
Fordelingen mellom norske og utenlandske overnattinger er på grunn av nye innrapporteringer fra noen hoteller i Nord Norge endret med omlag en prosent. Riktige tall finnes i kildetabell i Statistikkbanken.
Overnattingar i alt4 251 4962 713 9661 537 53023 975 987
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter2 545 7321 593 913951 81915 449 763
Campingplassar1 308 846922 059386 7876 222 910
Hyttegrender340 465171 277169 1882 031 010
Norske Vandrerhjem56 45326 71729 736272 304
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

August var ein god månad for norske hotell, med 2,5 millionar overnattingar. Det er 6 prosent fleire enn i august 2014. Med det stadfestar augusttala nok ein rekordsommar for norske hotellovernattingar.

Uendra pris per rom

Gjennomsnittsprisen per rom er omtrent uendra frå august 2014, og var på 872 kroner. Losjiomsetnina på hotella gjekk opp med 5 prosent, frå 1 314 millionar i august 2014 til 1 385 millionar kroner i august i år.

Overnatting i samband med ferie og fritid eller yrke dominerer med høvesvis 64 og 28 prosent av overnattingane i august i år. Ferie- og fritidsovernattingar viste ein oppgang på 16 prosent frå august 2014 til den same månaden i år. Yrkesovernattingar og kurs- og konferanseovernattingar gjekk ned høvesvis 9 og 3 prosent.

Fleire campingovernattingar

Det var 1,3 millionar overnattingar på campingplassane i august 2015. Det er ein oppgang på 5 prosent frå august 2014. Både norske og utanlandske overnattingar auka med 5 prosent.

Fleire hytteovernattingar

I august 2015 vart det registrert 340 000 overnattingar på hyttegrendene. Det utgjer ein oppgang på 5 prosent frå august 2014. Talet på norske overnattingar gjekk opp 10 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar var uendra.

Færre overnattingar på Svalbard

I august 2015 var det i overkant av 14 000 overnattingar på Svalbard, noko som er 4 prosent færre enn i den same månaden året før. Talet for ferie- og fritidsovernattingar blei redusert med 500 til 9 000 overnattingar.

1 Talet blei retta 5. november 2015.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.