Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
God haustmånad for hotella
I september 2015 var det 1,89 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 4 prosent fleire enn i same månad i 2014.
September 2015 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | September 2015 | |
Overnattingar i alt | 2 526 150 | 1 894 558 | 631 592 | 26 502 137 |
Hotell og andre overnattingsbedrifter | 1 886 669 | 1 396 071 | 490 598 | 17 336 432 |
Campingplassar | 433 703 | 367 757 | 65 946 | 6 656 613 |
Hyttegrender | 175 362 | 111 048 | 64 314 | 2 206 372 |
Norske Vandrerhjem | 30 416 | 19 682 | 10 734 | 302 720 |
Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 55 000, eller 13 prosent samanlikna med september 2014. I det same tidsrommet gjekk talet på norske hotellovernattingar opp med 1 prosent.
I årets niande månad var det 119 000, eller 16 prosent fleire ferie- og fritidsovernattingar enn i september i fjor.
Sett i høve til september 2014 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 1 prosent, frå 1 251 millionar til 1 261 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 923 kroner i september i år, noko som er om lag uendra samanlikna med september i fjor.
Fleire campingovernattingar
Det var 434 000 overnattingar på campingplassane i september 2015. Det er ein oppgang på 3 prosent frå september 2014. Talet på norske overnattingar gjekk opp 4 prosent, medan og utanlandske overnattingar gjekk opp 1 prosent.
Fleire hytteovernattingar
I september 2015 vart det registrert 175 000 overnattingar på hyttegrendene. Det utgjer ein oppgang på 9 prosent frå september 2014. Talet på norske og utanlandske overnattingar gjekk opp med høvesvis 14 og 0,4 prosent.
10 000 overnattingar på Svalbard
Det var i overkant av 10 000 overnattingar på Svalbard i september, noko som er 17 prosent fleire enn i den same månaden året før. Ferie- og fritidsovernattingar stod for 58 prosent av alle overnattingar i september i år. Talet på ferie- og fritidsovernattingar auka med 1 100, og enda på 6 000 overnattingar.
Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk
Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54