Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten auke for hotella
I november 2015 var det 1,52 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 0,9 prosent fleire enn i den same månaden i 2014.
November 2015 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | November 2015 | |
Overnattingar i alt | 1 739 007 | 1 435 547 | 303 460 | 30 236 661 |
Hotell og liknande overnattingsbedrifter | 1 520 150 | 1 251 080 | 269 070 | 20 524 851 |
Campingplassar | 131 698 | 117 832 | 13 866 | 6 980 949 |
Hyttegrender | 69 591 | 54 290 | 15 301 | 2 385 095 |
Vandrarheimar | 17 568 | 12 345 | 5 223 | 345 766 |
Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 4 100, eller 2 prosent, frå november 2014 og enda på 269 000 i november 2015. I det same tidsrommet gjekk talet på norske overnattingar opp 1 prosent til 1 251 000 overnattingar.
Sett i høve til november 2014 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 2 prosent, frå 1 055 millionar til 1 081 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 924 kroner i november i år, noko som er 13 kroner høgare samanlikna med november 2014.
I november 2015 var 65 prosent av overnattingane relatert til kurs, konferanse samt yrkesovernatting.
Færre campingovernattingar
• 132 000 overnattingar i november 2015.
• 3 prosent nedgang sidan november 2014.
• Norske overnattingar gjekk ned 4 prosent.
• Utanlandske overnattingar gjekk ned 0,3 prosent.
Færre overnattingar på hyttegrendene
• 70 000 overnattingar.
• 1 prosent nedgang frå november 2014.
• Norske overnattingar gjekk opp 3 prosent.
• Utanlandske overnattingar gjekk ned 12 prosent.
Fleire overnattingar på Svalbard
• 3 900 overnattingar.
• 16 prosent fleire enn i november 2014.
• 52 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernatting.
Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk
Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.
Overnattingsverksemder som asylmottakÅpne og lesLukk
SSB har fått melding om at fleire overnattingsverksemder er disponert til å huse flyktningar i samband med flyktningekrisa. Desse verksemdene er ikkje med i overnattingsstatistikken for den del av aktiviteten som er knytta til losjering av flyktningar.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54