Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
21,7 millionar hotellovernattingar i 2015
I 2015 var det 21,7 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er ein oppgang på 6 prosent frå 2014. Den største endringa er i talet på kinesiske overnattingar, som auka med heile 76,5 prosent.
Desember 2015 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | Desember 2015 | |
Overnattingar i alt | 1 417 178 | 1 056 784 | 360 394 | 31 653 839 |
Hotell og liknande overnattingsbedrifter | 1 141 585 | 867 965 | 273 620 | 21 666 436 |
Campingplassar | 128 492 | 112 796 | 15 696 | 7 109 441 |
Hyttegrender | 136 172 | 68 936 | 67 236 | 2 521 267 |
Vandrarheimar | 10 929 | 7 087 | 3 842 | 356 695 |
Samanlikna med 2014 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 5,3 prosent, frå 12,5 milliardar kroner til 13,2 milliardar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 12 kroner eller 1,4 prosent høgare i 2015 enn i 2014.
Sterk vekst i kinesiske overnattingar
Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 11,1 prosent samanlikna med 2014 og utgjorde i alt 6 millionar. Av dei utanlandske overnattingane var svenskar i fleirtal med over 753 000 overnattingar. Deretter kjem tyskarar og britar med 645 000 og 626 000 overnattingar. Med 76,5 prosent eller 117 000 fleire overnattingar, har kinesarar den største auken i talet på overnattingar samanlikna med 2014. Norske overnattingar gjekk i same periode opp 4,2 prosent til 15,6 millionar.
Talet på overnattingar i samband med ferie- og fritid dominerer med 51,5 prosent av overnattingane i 2015, eller ein oppgang på 13,1 prosent frå 2014. Kurs- og konferanseovernattingar steig med 4,7 prosent, medan yrkesovernattingar gjekk ned 2,3 prosent.
Oppgang for hotella i desember 2015
I desember 2015 var det i overkant av 1,1 million overnattingar på hotella, ein oppgang på 3,2 prosent frå desember 2014. Norske og utanlandske overnattingar steig med høvesvis 2,6 og 5,3 prosent.
Færre campingovernattingar i 2015
• 7,1 millionar overnattingar i 2015
• 0,2 prosent nedgang sidan 2014
• Norske overnattingar gjekk ned 0,6 prosent
• Utanlandske overnattingar gjekk opp med 1,6 prosent
Fleire overnattingar på hyttegrendene i 2015
• 2,5 millionar overnattingar
• 5,9 prosent oppgang sidan 2014
• Norske overnattingar gjekk opp 6,1 prosent
• Utanlandske overnattingar gjekk opp 5,5 prosent
Fleire overnattingar på Svalbard i 2015
• 128 000 overnattingar på Svalbard
• 10,7 prosent oppgang sidan 2014
Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk
Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.
Overnattingsverksemder som asylmottakÅpne og lesLukk
SSB har fått melding om at fleire overnattingsverksemder er disponert til å huse flyktningar i samband med flyktningekrisa. Desse verksemdene er ikkje med i overnattingsstatistikken for den del av aktiviteten som er knytta til losjering av flyktningar.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54