Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
8 prosent fleire hotellovernattingar i februar
I februar 2016 var det 1,63 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 8 prosent fleire enn i den same månaden i 2015.
Februar 2016 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | Februar 2016 | |
Overnattingar i alt | 2 059 580 | 1 451 364 | 608 216 | 3 674 400 |
Hotell og liknande overnattingsbedrifter | 1 632 891 | 1 192 452 | 440 439 | 2 948 880 |
Campingplassar | 165 945 | 143 278 | 22 667 | 277 811 |
Hyttegrender | 239 525 | 102 781 | 136 744 | 412 413 |
Vandrarheimar | 21 219 | 12 853 | 8 366 | 35 296 |
Frå februar 2015 gjekk talet på utanlandske hotellovernattingar opp med 19 prosent og enda på 440 000 i februar 2016. I det same tidsrommet gjekk talet på norske overnattingar opp 4 prosent til 1,19 millionar overnattingar.
I februar 2016 var 46 prosent av overnattingane knytta til kurs og konferanse samt yrkesovernatting.
Sett i høve til februar 2015 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 10 prosent, frå 923 millionar til 1 018 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 909 kroner i februar i år, som er 13 kroner meir enn i februar 2015.
Fleire overnatta på campingplassar i februar
- 166 000 campingovernattingar i februar 2016
- 4 prosent oppgang sidan februar 2015
- Norske overnattingar gjekk opp 1 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 26 prosent
Fleire utanlandske overnattingar på hyttegrendene
- 240 000 hyttegrendovernattingar
- 1 prosent fleire enn i februar 2015
- Norske overnattingar gjekk ned 2 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 3 prosent
Fleire overnattingar på Svalbard
- 11 800 overnattingar på Svalbard
- 17 prosent fleire enn i februar 2015
- 64 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernattingar
Overnattingsverksemder som asylmottakÅpne og lesLukk
SSB har fått melding om at fleire overnattingsverksemder er disponert til å huse flyktningar i samband med flyktningekrisa. Desse verksemdene er ikkje med i overnattingsstatistikken for den del av aktiviteten som er knytta til losjering av flyktningar.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54