245677_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
245677
Fleire utanlandske hotellovernattingar i påskemånaden
statistikk
2016-05-13T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Statistikken gir blant annet overnattingstall for hotell, camping, hyttegrender og vandrerhjem. I mars 2016 var det 1,64 millioner overnattinger ved norske hoteller.

Overnattingarmars 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire utanlandske hotellovernattingar i påskemånaden

I mars 2016 var det 1,64 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 0,3 prosent færre enn i den same månaden i 2015. Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk derimot opp med 13,9 prosent i mars.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
Mars 2016Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarMars 2016
Overnattingar i alt2 200 6181 628 712571 9065 875 018
 
Hotell og liknande overnattingsbedrifter1 642 0011 225 984416 0174 590 881
Campingplassar256 801235 62021 181534 612
Hyttegrender276 730150 326126 404689 143
Vandrarheimar25 08616 7828 30460 382
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

Talet på norske hotellovernattingar gjekk ned 4,3 prosent i mars 2016 samanlikne med mars 2015. Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk derimot opp med 13,9 prosent, frå mars 2015 og enda på 416 000 i mars i år.

I år var heile påska i mars, medan denne høgtida i fjor var i april. Vi ser ein påskeeffekt i overnattingstrafikken og at kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar på hotell gikk ned i påskemånaden. I mars 2016 var 48,5 prosent av overnattingane ferie- og fritidsovernattingar, ein auke på 12,3 prosent frå mars 2015. 

Sett i høve til mars 2015 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 5,7 prosent, frå 1 080 millionar til 1 019 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom ligg omtrent på det same nivået som i fjor og var 920 kroner i mars i år.

Fleire overnatta på campingplassar i mars

  • 257 000 campingovernattingar i mars 2016
  • 18 prosents oppgang sidan mars 2015
  • Talet på norske overnattingar gjekk opp 17 prosent
  • Talet på utanlandske overnattingar steig 19 prosent

Fleire overnattingar på hyttegrendene

  • 277 000 hytteovernattingar
  • 20 prosent fleire enn i mars 2015
  • Norske overnattingar gjekk opp 17 prosent
  • Utanlandske overnattingar auka23 prosent

Færre overnattingar på Svalbard

  • 15 000 overnattingar på Svalbard
  • 1 prosent færre enn i mars 2015
  • 60 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernattingar

 

Asylsøkarar er ikkje med i overnattingsstatistikkenÅpne og lesLukk

SSB har fått melding om at fleire overnattingsverksemder er disponerte til å huse flyktningar i samband med flyktningekrisa. Desse verksemdene er ikkje med i overnattingsstatistikken når det gjeld den delen av aktiviteten som er knytta til losjering av flyktningane.