Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire hotellovernattingar
I april 2016 var det 1,57 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 10 prosent fleire enn i den same månaden i 2015.
April 2016 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | April 2016 | |
Overnattingar i alt | 1 985 848 | 1 542 377 | 443 471 | 7 860 866 |
Hotell og liknande overnattingsbedrifter | 1 566 164 | 1 235 450 | 330 714 | 6 157 045 |
Campingplassar | 218 031 | 198 788 | 19 243 | 752 643 |
Hyttegrender | 179 200 | 91 878 | 87 322 | 868 343 |
Vandrarheimar | 22 453 | 16 261 | 6 192 | 82 835 |
Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 11 prosent til 1,24 millionar i april 2016. Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp 8 prosent frå april 2015 og enda på 331 000 i april 2016.
I april 2016 var 40 prosent av overnattingane relatert til ferie- og fritidsovernatting.
Sett i høve til april 2015 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 11 prosent, frå 935 millionar til 1 042 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 10 kroner lågare enn i fjor og var 902 kroner i april i år.
Færre overnattar på campingplasser i april
• 218 000 campingovernattingar i april 2016
• 25 prosent nedgang sidan april 2015
• Norske overnattingar gjekk ned 26 prosent
• Utanlandske overnattingar gjekk ned 12 prosent
Færre overnattingar på hyttegrendene
• 179 000 hytteovernattingar
• 5 prosent færre enn april 2015
• Norske overnattingar gjekk ned 14 prosent samanlikna med april 2015
• Utanlandske overnattingar gjekk opp 7 prosent samanlikna med april 2015
Fleire overnattingar på Svalbard
• 17 000 overnattingar på Svalbard
• 3 prosent fleire enn april 2015
• 60 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernattingar
Streik gir noe usikker kapasitet relatert tallÅpne og lesLukk
Riktig kapasitet og kapasitetsutnytting er heilt avhengig av at oppgåvegivar gir SSB rett informasjon om tilgjengeleg kapasitet og talet på dagar som overnattingsverksemda har halde ope. Dette er særleg viktig i ei tid der mange overnattingsverksemder har vore heilt eller delvis råka av streik. Tal som SSB har mottek for april 2016 viser at det er få som har korrigert kapasiteten. Det har ikkje vore mogleg å finne ut kor mange rom som i praksis var ute av drift grunna streiken. Nokre verksemder som var heilt stengt ei veke på grunn av streik, har redusert talet på dager verksemda var open. Det må visast varsemd med bruk og tolking av kapasitetsrelaterte tall for streikemånadene.
Asylsøkarar er ikkje med i overnattingsstatistikkenÅpne og lesLukk
SSB har fått melding om at fleire overnattingsverksemder er disponerte til å huse flyktningar i samband med flyktningekrisa. Desse verksemdene er ikkje med i overnattingsstatistikken når det gjeld den delen av aktiviteten som er knytta til losjering av flyktningane.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54