Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Streiken ga færre hotellovernattingar
Hotellstreiken i mai 2016 medverka til ein nedgang på 6 prosent i talet på overnattingar samanlikna med den same månaden i 2015. Losjiomsetninga gjekk ned 4 prosent.
Mai 2016 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | Mai 2016 | |
Overnattingar i alt | 2 467 670 | 1 809 066 | 658 604 | 10 328 536 |
Hotell og liknande overnattingsbedrifter | 1 628 099 | 1 145 596 | 482 503 | 7 785 144 |
Campingplassar | 649 027 | 574 072 | 74 955 | 1 401 670 |
Hyttegrender | 162 106 | 72 982 | 89 124 | 1 030 449 |
Vandrarheimar | 28 438 | 16 416 | 12 022 | 111 273 |
Det var 1,63 millionar hotellovernattingar i årets femte månad. Talet på norske hotellovernattingar gjekk ned 9 prosent til 1,15 millionar i mai 2016. Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk derimot opp med 3 prosent frå mai i fjor til 483 000 i mai i år.
Talet på ferieovernattingar, kurs- og konferanseovernattingar samt yrkesovernattingar gjekk ned høvesvis 7, 6 og 4 prosent frå mai i fjor. I mai 2016 var 47 prosent av overnattingane knytte til ferie og fritid.
Sett i høve til mai 2015 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 4 prosent, frå 1 090 millionar til 1 047 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 9 kroner lågare enn i fjor og var 911 kroner i mai i år.
Færre overnatta på campingplasser i mai
• 649 000 campingovernattingar i mai 2016
• 1 prosent nedgang sidan mai 2015
• Norske overnattingar gjekk ned 1 prosent
• Utanlandske overnattingar gjekk ned 1 prosent
Færre overnattingar på hyttegrendene
• 162 000 hytteovernattingar
• 0,5 prosent færre enn i mai 2015
• Norske overnattingar gjekk ned 6 prosent
• Utanlandske overnattingar gjekk opp 5 prosent
Færre overnattingar på Svalbard
• 12 000 overnattingar på Svalbard
• 1 prosent færre enn i mai 2015
• 52 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernattingar
Streiken gjer tala for kapasitet usikreÅpne og lesLukk
SSB er heilt avhengig av rett informasjon om tilgjengeleg kapasitet og talet på dagar som overnattingsverksemda har vore open. Det er særleg viktig i ei tid der mange overnattingsverksemder har vore heilt eller delvis råka av streik. Tal som SSB har motteke for mai 2016, viser at det er mange som korkje har korrigert dagar opne eller kapasitet. SSB har henta inn informasjon og redusert talet på dagar verksemda var open for dei som var heilt stengde. Det har elles ikkje vore mogleg å finne ut kor mange rom som i praksis var delvis ute av drift grunna streiken. Ein må difor vere varsam med bruk og tolking av kapasitetsrelaterte tal for streikemånadene.
Asylsøkarar er ikkje med i overnattingsstatistikkenÅpne og lesLukk
SSB har fått melding om at fleire overnattingsverksemder er disponerte til å huse flyktningar i samband med flyktningekrisa. Desse verksemdene er ikkje med i overnattingsstatistikken når det gjeld den delen av aktiviteten som er knytta til losjering av flyktningane.
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54