245931_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
245931
Ny juli-rekord for hotella
statistikk
2016-09-09T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Statistikken gir blant annet overnattingstall for hotell, camping, hyttegrender og vandrerhjem. I juli 2016 var det 3,1 millioner overnattinger ved norske hoteller.

Overnattingarjuli 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ny juli-rekord for hotella

I juli registrerte norske hotell for første gong over 3,1 millionar overnattingar. Dette er 8 prosent fleire enn rekorden frå juli 2015, og dermed har hotella hatt sin beste juli nokon gong.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
Juli 2016Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarJuli 2016
Overnattingar i alt6 205 4644 157 0262 048 43820 549 449
 
Hotell og liknande overnattingsbedrifter3 118 8511 917 9821 200 86913 369 820
Campingplassar2 542 6881 945 416597 2725 182 041
Hyttegrender476 262263 857212 4051 773 946
Vandrarheimar67 66329 77137 892223 642
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

I år som i fjor har både fleire nordmenn og utlendingar valt å bu på hotell i den store feriemånaden. I juli 2016 var det 1,2 millionar utanlandske overnattingar ved norske hotell. Dette er 14 prosent fleire enn same månad i 2015. Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 4 prosent til 1,9 millionar.

I juli i år var 74 prosent av hotellovernattingane knytte til ferie og fritid.

Samanlikna med juli 2015 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 10 prosent frå 1 227 millionar til 1 408 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 840 kroner i juli i år, noko som er ein oppgang på 3 prosent frå juli i fjor.

Fleire overnattar på campingplasser i juli

• 2,54 millionar campingovernattingar i juli 2016

• 13 prosent oppgang sidan juli 2015

• Norske overnattingar gjekk opp 13 prosent

• Utanlandske overnattingar gjekk opp 14 prosent

Fleire overnattingar på hyttegrendene

• 476 000 hytteovernattingar

• 10 prosent fleire enn juli 2015

• Norske overnattingar gjekk opp 10 prosent

• Utanlandske overnattingar gjekk opp 10 prosent

Fleire overnattingar på Svalbard

• 18 000 overnattingar på Svalbard

• 14 prosent fleire enn juli 2015

• 63 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernattingar