245685_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
245685
7 prosent fleire hotellovernattingar i september
statistikk
2016-11-04T08:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Statistikken gir blant annet overnattingstall for hotell, camping, hyttegrender og vandrerhjem. I september 2016 var det 2,02 millioner overnattinger ved norske hoteller.

Overnattingarseptember 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

7 prosent fleire hotellovernattingar i september

I september 2016 var det 2,02 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 7 prosent fleire enn i den same månaden i 2015.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
September 2016Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarSeptember 2016
Overnattingar i alt2 671 7991 971 430700 36927 866 455
 
Hotell og liknande overnattingsbedrifter2 022 4471 487 698534 74918 166 199
Campingplassar430 624353 72476 9007 047 765
Hyttegrender187 189111 21175 9782 339 626
Vandrarheimar31 53918 79712 742312 865
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

Samanlikna med september 2015 gjekk talet på utanlandske hotellovernattingar opp med 9 prosent til 535 000, medan norske hotellovernattingar opp med 7 prosent til 1,5 millionar. 

I årets niande månad var 47 prosent av hotellovernattingane knytte til ferie- og fritidsreiser. Talet på ferieovernattingar, kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar gjekk opp høvesvis 8, 11 og 4 prosent frå september i fjor. 

Sett i høve til september 2015 auka losjiomsetninga på hotella med 7 prosent, frå 1 261 millionar til 1 344 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 925 kroner i september i år, noko som er om lag uendra samanlikna med september i fjor.

Færre overnattar på campingplassar

• 431 000 millionar campingovernattingar i september 2016

• 1 prosent nedgang sidan september 2015

• Norske overnattingar gjekk ned 4 prosent

• Utanlandske overnattingar gjekk opp 17 prosent

 

Fleire overnattingar på hyttegrendene

• 187 000 hytteovernattingar

• 7 prosent fleire enn i september 2015

• Norske overnattingar var om lag uendra

• Utanlandske overnattingar gjekk opp 18 prosent

 

Færre overnattingar på Svalbard

• 9 400 overnattingar på Svalbard

• 8 prosent nedgang sidan september 2015

• 51 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernattingar