Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis vekst i hotellovernattingar
I oktober 2016 var det 1,7 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 2 prosent fleire enn i den same månaden i 2015.
Oktober 2016 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | Oktober 2016 | |
Overnattingar i alt | 2 027 464 | 1 618 881 | 408 583 | 29 893 919 |
Hotell og liknande overnattingsbedrifter | 1 697 024 | 1 349 895 | 347 129 | 19 863 223 |
Campingplassar | 196 533 | 174 742 | 21 791 | 7 244 298 |
Hyttegrender | 113 556 | 81 932 | 31 624 | 2 453 182 |
Vandrarheimar | 20 351 | 12 312 | 8 039 | 333 216 |
Samanlikna med oktober 2015, gjekk talet på utanlandske hotellovernattingar opp med 4 prosent til 347 000, medan norske hotellovernattingar auka med 1 prosent til 1,3 millionar.
I årets tiande månad var 44 prosent av hotellovernattingane knytte til ferie og fritidsreiser. Talet på ferieovernattingar gjekk opp 10 prosent frå oktober i fjor, medan kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar gjekk ned høvesvis 2 og 4 prosent.
Sett i høve til oktober 2015 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 2 prosent, frå 1 121 millionar til 1 103 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 895 kroner i oktober i år, noko som er 13 kroner eller 1 prosent lågare samanlikna med oktober i fjor. Størst nedgang i oppnådd pris per rom ser vi i Rogaland. Frå å ha oppnådd av dei høgaste prisane per rom i landet oktober i fjor, var prisen i oktober 854 kroner per rom. Det er under gjennomsnittet for landet og 16 prosent eller 157 kroner lågare enn same månad i fjor.
Fleire overnattar på campingplassar
- 197 000 millionar campingovernattingar i oktober 2016
- 2 prosent oppgang sidan oktober 2015
- Norske overnattingar gjekk opp 3 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk ned 4 prosent
Fleire overnattingar på hyttegrendene
- 114 000 hytteovernattingar
- 4 prosent fleire enn i oktober 2015
- Norske overnattingar gjekk opp 8 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk ned 5 prosent
Fleire overnattingar på Svalbard
- 7 500 overnattingar på Svalbard
- 12 prosent oppgang sidan oktober 2015
- 63 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernattingar
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54