Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Går mot rekordår for hotellovernattingar
Aldri før har det vore registrert så mange overnattingar i november. Til og med november 2016 er det registrert 21,4 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 4 prosent fleire enn same periode i 2015.
November 2016 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | November 2016 | |
Overnattingar i alt | 1 787 607 | 1 488 359 | 299 248 | 31 681 526 |
Hotell og liknande overnattingsbedrifter | 1 576 988 | 1 310 734 | 266 254 | 21 440 211 |
Campingplassar | 126 192 | 113 923 | 12 269 | 7 370 490 |
Hyttegrender | 70 649 | 53 228 | 17 421 | 2 523 831 |
Vandrarheimar | 13 778 | 10 474 | 3 304 | 346 994 |
I november 2016 var det 1,6 millionar overnattingar ved norske hotell, 4 prosent fleire enn i november 2015. Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp med 5 prosent til 1,3 millionar, medan utanlandske hotellovernattingar gjekk ned med 1 prosent til 266 000.
Sett i høve til november 2015 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 5 prosent, frå 1 081 millionar til 1 133 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 932 kroner i november 2016, som er om lag 1 prosent høgare enn november 2015.
Talet på ferieovernattingar gjekk opp 16 prosent, medan kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar gjekk ned med høvesvis 6 og 1 prosent frå november 2015. I november 2016 var 43 prosent av hotellovernattingane yrkesovernattingar.
Færre overnattingar på campingplassar
- 126 000 campingovernattingar i november 2016
- 4 prosent nedgang sidan november 2015
- Norske overnattingar gjekk ned 3 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk ned 12 prosent
Fleire overnattingar på hyttegrendene
- 71 000 hytteovernattingar
- 2 prosent oppgang frå november 2015
- Norske overnattingar gjekk ned 2 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 14 prosent
Fleire ferie- og fritidsovernattingar på Svalbard
- 5 700 overnattingar på Svalbard
- 47 prosent oppgang frå november 2015
- Ferie- og fritidsovernattingar auka med 90 prosent
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54