Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nytt rekordår for hotellovernattingar
I fjor var det 22,6 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er som venta eit nytt rekordår og 4 prosent høgare enn 2015 som var førre rekordår.
Desember 2016 | Overnattingar hittil i år | |||
---|---|---|---|---|
Overnattingar i alt | Norske overnattingar | Utenlandske overnattingar | Desember 2016 | |
Overnattingar i alt | 1 432 606 | 1 073 073 | 359 533 | 33 114 132 |
Hotell og liknande overnattingsbedrifter | 1 182 939 | 901 414 | 281 525 | 22 623 150 |
Campingplassar | 120 479 | 106 572 | 13 907 | 7 490 969 |
Hyttegrender | 119 159 | 58 255 | 60 904 | 2 642 990 |
Vandrarheimar | 10 029 | 6 832 | 3 197 | 357 023 |
Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 10 prosent samanlikna med 2015 og utgjorde i alt 6,6 millionar. Av dei utanlandske overnattingane var svenskar igjen i fleirtal med 805 000 overnattingar. Deretter kjem tyskarar og britar med høvesvis 731 000 og 653 000 overnattingar. Med 103 000 fleire overnattingar, ein auke på 38 prosent, har kinesarar igjen den største absolutte auken i talet på overnattingar samanlikna med 2015. Norske overnattingar gjekk i same periode opp 2 prosent til 16 millionar.
Talet på overnattingar i samband med ferie- og fritid dominerer med 52 prosent av overnattingane i 2016. Det svarer til ein oppgang på 6 prosent frå 2015. Kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar steig med høvesvis 5 og 2 prosent.
Samanlikna med 2015 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 4 prosent, frå 13,2 milliardar kroner til 13,7 milliardar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 6 kroner eller 1 prosent høgare i 2016 enn i 2015.
1,2 millionar overnattingar i desember
I desember 2016 var det i underkant av 1,2 million overnattingar på hotella, ein oppgang på 4 prosent frå desember 2015. Norske og utanlandske overnattingar steig med høvesvis 4 og 3 prosent.
Sett i høve til november 2015 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 3 prosent, frå 698 millionar til 717 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 891 kroner i desember 2016, som er om lag 1 prosent høgare enn desember 2015.
Fleire campingovernattingar
- 7,5 millionar overnattingar i 2016
- 5 prosent oppgang sidan 2015
- Norske overnattingar gjekk opp 3 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 13 prosent
Fleire overnattingar på hyttegrendene
- 2,6 millionar overnattingar i 2016
- 5 prosent oppgang sidan 2015
- Norske overnattingar gjekk opp 2 prosent
- Utanlandske overnattingar gjekk opp 8 prosent
Fleire overnattingar på Svalbard
- 140 000 overnattingar på Svalbard i 2016
- 9 prosent oppgang sidan 2015
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54