302880_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
302880
Fleire hotellovernattingar i januar
statistikk
2017-04-04T08:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Statistikken gir blant annet overnattingstall for hotell, camping, hyttegrender og vandrerhjem. I januar 2017 var det 1,36 millioner overnattinger ved norske hoteller.

Overnattingarjanuar 2017

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire hotellovernattingar i januar

I januar 2017 var det 1,36 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 3 prosent fleire enn i den same månaden i 2016.

 

Overnattingar etter overnattingsmåte
Januar 2017Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarJanuar 2017
Overnattingar i alt1 612 1581 203 702408 4561 612 158
 
Hotell og liknande overnattingsbedrifter1 361 8871 062 433299 4541 361 887
Campingplassar93 26478 90514 35993 264
Hyttegrender144 46052 60291 858144 460
Vandrarheimar12 5479 7622 78512 547

Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

Januar 2016Januar 2017
I alt13159891362508
Noreg10093261064159
Utlandet306663298349

Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp med 53 000, eller 5 prosent, frå januar 2016 og enda på 1,06 millionar i januar 2017. I det same tidsrommet gjekk talet på utanlandske overnattingar ned 2 prosent til 299 000 overnattingar. 

Sett i høve til januar 2016 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 7 prosent, frå 844 millionar til 907 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 899 kroner i januar i år, noko som er 4 prosent høgare samanlikna med januar 2016.

Talet på overnattingar i samband med ferie- og fritid svarer til ein oppgang på 4 prosent frå januar 2016 til 529 000 overnattingar. Yrkesovernattingar steig med 5 prosent medan kurs- og konferanseovernattingar gjekk ned 2 prosent.

Færre campingovernattingar

  • 93 000 overnattingar i januar 2017
  • 17 prosent nedgang sidan januar 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 21 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 17 prosent

Færre overnattingar på hyttegrendene

  • 144 000 overnattingar
  • 16 prosent nedgang frå januar 2016
  • Norske overnattingar gjekk ned 28 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk ned 8 prosent

Fleire overnattingar på Svalbard

  • 8 000 overnattingar på Svalbard
  • 20 prosent fleire enn januar 2016
  • 81 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernatting