14588_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
14588
3 700 overnattingar i oktober
statistikk
2010-12-06T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardoktober 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

3 700 overnattingar i oktober

Det var 3 700 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i oktober 2010. Utlendingar stod for om lag 700 av desse. Hittil i år har det vore nesten 73 000 overnattingar.

Det er stor månadleg variasjon i talet på gjestedøgn. Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar varierer også mykje frå månad til månad.

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2010

Overnattingar, etter formål og månad. 2010

Færrast ferieovernattingar

Om lag 45 prosent av overnattingane i oktober var ferieovernattingar. Delen ferieovernattingar varierer frå ein månad til den neste. Til dømes var det 30 prosent ferieovernattingar i september og 81 prosent i mai.

Nesten fire av fem senger stod ledige

Nesten 21 prosent av sengene og 35 prosent av romma vart nytta av gjestar i oktober. Det er stor månadleg variasjon i utnyttinga av senge- og romkapasitet.

Losjiomsetninga per utleigd rom var på 940 kroner i oktober og har vore ganske stabil hittil i år. Losjiomsetninga per tilgjengeleg rom syner derimot store variasjonar frå månad til månad, frå 186 kroner i januar til 757 kroner i april.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: