14594_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
14594
Nærare 77 000 overnattingar i fjor
statistikk
2011-02-04T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbarddesember 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nærare 77 000 overnattingar i fjor

Det var 77 000 overnattingar1 ved overnattingsstadene på Svalbard i 2010. Av desse var 28 prosent utanlandske.

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2010

Gjester frå Sverige og Storbritannia er hyppigast å sjå på Svalbard, og stod for 14 prosent kvar av dei utanlandske overnattingane i 2010. Dei var tett etterfølgt av gjester frå Tyskland og USA, med høvesvis 11 og 8 prosent. Det var 55 000 norske overnattingar på Svalbard i fjor.

Det er stor månadleg variasjon i talet på gjestedøgn. Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar varierer også mykje frå månad til månad. I juli 2010 stod utlendingar for om lag 45 prosent av overnattingane, medan dei i desember berre stod for 20 prosent.

Flest ferieovernattingar året sett under eitt

Nærare 57 prosent av overnattingane på Svalbard var ferieovernattingar i 2010. Delen ferieovernattingar varierer frå ein månad til den neste. Til dømes var over 80 prosent av overnattingane i mai ferieovernattingar, medan berre 41 prosent hadde same formål i desember.

Overnattingar, etter formål og månad. 2010

To av tre senger stod ledige i 2010

I 2010 nytta gjestene 32 prosent av sengene og 46 prosent av romma. Det er stor månadleg variasjon i utnyttinga av senge- og romkapasitet. I desember vart til dømes berre 14 prosent av sengene og 25 prosent av romma nytta.

Gjennomsnittleg losjiomsetning per tilgjengelege rom var på 473 kr i 2010. Losjiomsetninga per tilgjengeleg rom syner store variasjonar frå månad til månad. I april var den på 757 kr, mot 210 kr i desember.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.


1  Tallet ble rettet 4. februar 2011 kl 10.48

Tabeller: