54330_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
54330
Nedgang i overnattingar
statistikk
2011-03-04T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardjanuar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i overnattingar

Talet på overnattingar på Svalbard fall med 19 prosent frå januar 2010 til januar 2011. Det var den utanlandske marknaden som svikta mest, og gjekk ned med 47 prosent.

Overnattingar, etter formål og månad. 2010 og 2011

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2010 og 2011

Det er stor månadleg variasjon i talet på gjestedøgn. Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar varierer også mykje frå månad til månad. Dei norske overnattingane stod for om lag 77 prosent av totale gjestedøgn på Svalbard i januar i år. Talet på norske gjestedøgn blei redusert med om lag 4 prosent samanlikna med same periode året før.

Færre ferieovernattingar

Ferieovernattingar på Svalbard blei redusert med nærare 9 prosent samanlikna med januar i fjor. Gjester som hadde ferie og fritid som formål stod for om lag 59 prosent av gjestedøgna på Svalbard i januar. Kurs og konferanse- og yrkesovernattingar gjekk samla ned med 31 prosent i same periode.

Reduksjon i losjiomsetninga

Gjennomsnittleg losjiomsetning per tilgjengeleg rom gjekk ned frå 186 kr til 147 kr i januar 2011. Losjiomsetninga per utleigd rom var på 893 kr, ein nedgang på nærare 8 prosent frå same periode i fjor. Berre 9 prosent av sengene og 16 prosent av romma blei utnytta i januar.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot, og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: