54332_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
54332
Færre overnattingar
statistikk
2011-04-01T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardfebruar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre overnattingar

I februar i år var det 4 800 overnattingar ved hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard, ein reduksjon på 2 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Overnattingar, etter formål og månad. 2011

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2011

Talet på norske overnattingar fall med 5 prosent, medan den utanlandske marknaden auka med 18 prosent. Det er stor månadleg variasjon i talet på gjestedøgn. Fordelinga mellom norske og utanlandske overnattingar varierer også mykje frå månad til månad. I februar i år stod dei norske overnattingane for om lag 84 prosent av det totale antal gjestedøgn på Svalbard.

Fleire kurs- og yrkesovernattingar

Kurs og konferanse- og yrkesovernattingar auka med samla 54 prosent i februar 2011, ein auke på litt over 800 overnattingar samanlikna med same periode i fjor. Talet på ferieovernattingar gjekk ned frå 3 400 til 2 500 overnattingar, ein reduksjon på 27 prosent. Gjester som hadde ferie og fritid som formål stod for om lag 51 prosent av gjestedøgna på Svalbard i februar.

Reduksjon i losjiomsetninga

Gjennomsnittleg losjiomsetning per tilgjengeleg rom gjekk ned frå 327 kr i februar 2010 til 321 kr i februar 2011. Losjiomsetninga per utleigd rom var på 771 kr, ein nedgang på nærare 20 prosent frå same periode i fjor. I februar 2011 vart 28 prosent av sengene og 42 prosent av romma utnytta.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje andre områder på Svalbard.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot, og er ei peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: