Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Oppsving i overnattingar
I mars i år var det 9 300 overnattingar ved hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard, ein auke på 8 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Den norske marknaden auka med 12 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk attende med 10 prosent.
Fleire ferieovernattingar
Talet på ferieovernattingar steig frå 4 500 til 5 200 overnattingar, ein auke på 15 prosent. Gjestar som hadde ferie og fritid som formål, stod for om lag 55 prosent av gjestedøgna på Svalbard i mars. Kurs og konferanse-, og yrkesovernattingar auka med til saman 1 prosent i mars 2011.
Oppgang i losjiomsetninga
Gjennomsnittleg losjiomsetning per tilgjengeleg rom gjekk opp frå 584 kroner i mars 2010 til 744 kroner i mars 2011. Losjiomsetninga per utleigd rom var på 1 264 kroner, ein oppgang på nærare 7 prosent frå same periode i fjor. I mars 2011 vart 40 prosent av sengene og 59 prosent av romma utnytta.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. |
Losjiomsetning per tilgjengeleg romOmgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning. |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Opne bedrifter, senger og rom, etter månad. 2010-2011 (Retta 1.08.2011)
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Overnattingar, etter månad og gjestene sin nasjonalitet. 2011
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Overnattingar, etter formål. Månad 2010-2011 (Retta 15.03.2012)
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Kapasitetsutnytting og losjiomsetning, etter månad. 2010-2011 (Retta 15.03.2012)
Statistikken blir no publisert saman med Overnattingar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42