54336_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
54336
Auke i overnattingar
statistikk
2011-05-27T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardapril 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i overnattingar

Det var 11 850 overnattingar ved hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard i april i år, ein auke på 13 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2011

Den norske marknaden auka med 26 prosent, medan utanlandske overnattingar gjekk attende med 24 prosent.

Fleire ferieovernattingar

Talet på ferieovernattingar steig frå 6 500 til 7 700 overnattingar, ein auke på 19 prosent. Gjester som hadde ferie og fritid som formål stod for om lag 65 prosent av gjestedøgna på Svalbard i april. Kurs- og konferanseovernattingar, og yrkesovernattingar auka med til saman 2 prosent i april 2011.

Oppgang i losjiomsetninga

Gjennomsnittleg losjiomsetning per tilgjengeleg rom gjekk opp frå 757 kr i april 2010 til 960 kr i april 2011. Losjiomsetninga per utleigd rom var på 1 341 kr, ein oppgang på nærare 8 prosent frå same periode i fjor. I april 2011 vart 51 prosent av sengene og 72 prosent av romma utnytta.

Overnattingar, etter formål og månad. 2011

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: