54340_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
54340
Færre hotellovernattingar
statistikk
2011-08-05T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardjuni 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre hotellovernattingar

I juni i år var det nærare 9 300 overnattingar på hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Det er 10,7 prosent mindre enn same periode året før.

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2011

Særskilt utanlandske overnattingar har gått ned i 2011, frå 3 413 i juni førre året til 2 805 i juni i år. Dette er ein nedgang på 17,8 prosent. Norske overnattingar gjekk ned med 7,1 prosent.

Færre ferieovernattingar

Ferieovernattingar på Svalbard fall med nærare 17,0 prosent samanlikna med juni i fjor. Ferie- og fritidsovernattingar sto for om lag 52,7 prosent av gjestedøgna på Svalbard i juni. Kurs-, konferanse- og yrkesovernattingar gjekk samla ned med 2,4 prosent i same periode.

Lågare kapasitetsutnytting

Tal på senger og rom ved hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard auka med høvesvis 6,9 og 5,6 prosent samanlikna med juni 2010. Kapasitetsutnytting av senger var 38,1 prosent, ein nedgang på 7,5 prosentpoeng i forhold til juni året før. Kapasitetsutnytting av rom var 53,1 prosent, 10,0 prosentpoeng lågare enn juni 2010.

Overnattingar, etter formål og månad. 2011

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: