Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i talet på overnattingar hittil i år
Det har vore nærare 56 500 overnattingar ved hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard hittil i år. Dette er ein auke på 9 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Auken kjem først og fremst av fleire norske overnattingar på Svalbard. Utanlandske overnattingar fall med 14 prosent, medan norske overnattingar auka med 19 prosent, samanlikna med fjoråret.
Færre hotellovernattingar i juli
I juli i år var det nærare 11 200 overnattingar på hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Det er ein nedgang på 3 prosent samanlikna med same periode året før. Det var særskilt den utanlandske marknaden som svikta, med 600 færre overnattingar frå juli 2010 til juli 2011. Norske overnattingar auka med 5 prosent i same periode.
Ferieovernattingar fell fortsett
Ferieovernattingar på Svalbard fall med 8 prosent samanlikna med juli i fjor. Kurs-, konferanse- og yrkesovernattingar gjekk samla opp med 7 prosent i same periode.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. |
Losjiomsetning per tilgjengeleg romOmgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning. |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Opne bedrifter, senger og rom, etter månad. 2010-2011
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Overnattingar, etter månad og gjestene sin nasjonalitet. 2011
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Overnattingar, etter formål. Månad. 2010-2011 (Retta 16.03.2012)
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Kapasitetsutnytting og losjiomsetning, etter månad. 2010-2011 (Retta 16.03.2012)
Statistikken blir no publisert saman med Overnattingar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42