Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire norske overnattingar i august
I august var det nærare 12 600 overnattingar ved hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Det er en oppgang på 12 prosent samanlikna med same periode i fjor. Auken kjem først og fremst av fleire norske overnattingar.
I august i år var det nesten 9 300 norske overnattingar på Svalbard, ein oppgang på over 2 000 overnattingar frå august 2010. Utanlandske overnattingar fall med 17 prosent i same periode.
Oppgang i ferieovernattingar
Ferieovernattingar på Svalbard auka med 17 prosent samanlikna med august i fjor. Kurs-, konferanse- og yrkesovernattingar gjekk samla opp med 6 prosent i same periode.
Oppgang i losjiomsetninga
Losjiomsetning gjekk opp frå 7,1 millionar kroner i august 2010 til 7,6 millionar kroner i august 2011, ein oppgang på 7 prosent. Losjiomsetning per tilgjengeleg rom var omtrent det same i august 2011 samanlikna med august i 2010. I august i år vart 50 prosent av sengene og 72 prosent av romma utnytta.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. |
Losjiomsetning per tilgjengeleg romOmgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning. |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Opne bedrifter, senger og rom, etter månad. 2010-2011
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Overnattingar, etter månad og gjestene sin nasjonalitet. 2011
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Overnattingar, etter formål og månad. 2010-2011 (Retta 16.03.2012)
-
Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Kapasitetsutnytting og losjiomsetning, etter månad. 2010-2011
(Retta 16.03.2012)
Statistikken blir no publisert saman med Overnattingar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42