54346_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
54346
Fleire overnattingar i september
statistikk
2011-10-28T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardseptember 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar i september

I september var det over 8 000 overnattingar ved hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Det er ein oppgang på 32 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Overnattingar, etter formål og månad. 2011

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2011

Til orientering

Det er oppdaga feil i overnattingstala på Svalbard for mai 2010. Summen for gjestedøgn skal væra 6 616 overnattingar i mai 2010. Det betyr at det var 79 039 overnattingar totalt på Svalbard i 2010. Statistikkbanken vil bli oppdatert så snart som mulig.

Både norske og utanlandske overnattingar bidrog til auken. I september i år var det nesten 6 600 norske overnattingar på Svalbard, ein oppgang på over 1 500 overnattingar frå september i fjor. Utanlandske overnattingar gjekk opp med 400 i same periode.

Størst oppgang i ferieovernattingar

Ferieovernattingar på Svalbard auka med 57 prosent samanlikna med september i fjor. Kurs-, konferanse- og yrkesovernattingar gjekk samla opp med 21 prosent i same periode.

Oppgang i losjiomsetninga

Losjiomsetninga gjekk frå 3,8 millionar kroner i september 2010 til nærare 4,6 millionar kroner i september i år. Det er en oppgang på omtrent 20 prosent. Losjiomsetning per tilgjengeleg rom auka med 13 prosent samanlikna med september i 2010. I september i år vart 33 prosent av sengene og 57 prosent av romma utnytta.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: