Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre overnattingar i oktober
I oktober var det nærmare 3 600 overnattingar ved hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Det er ein nedgang på 4 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Det var fleire norske overnattingar, men færre utanlandske overnattingar i perioden. I oktober i år var det nesten 3 200 norske overnattingar på Svalbard, ein auke på 3 prosent frå oktober i fjor. Utanlandske overnattingar, derimot, gjekk ned med over 250 i same periode.
Oppgang i ferieovernattingar og nedgang i kurs- og yrkesovernattingar
Ferieovernattingar på Svalbard auka med 452 samanlikna med oktober i fjor. Det var 630 færre kurs-, konferanse- og yrkesovernattingar i same periode.
Omsatt mindre i oktober i år enn i fjor
I oktober 2011 gjekk losjiomsetninga ned til 2,2 millionar kroner, frå 2,6 millionar kroner i oktober i fjor. Det er en nedgang på 15 prosent. Losjiomsetning per tilgjengeleg rom gjekk ned med 21 prosent samanlikna med oktober året før. I oktober i år vart nærmare 19 prosent av sengene, og 32 prosent av romma, utnytta.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. |
Losjiomsetning per tilgjengeleg romOmgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning. |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Opne bedrifter, senger og rom, etter månad. 2010-2011
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Overnattingar, etter månad og gjestene sin nasjonalitet. 2010 og 2011
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Overnattingar, etter formål. Månad 2010-2011
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Kapasitetsutnytting og losjiomsetning, etter månad. 2010-2011 (Retta 16.03.2012)
Statistikken blir no publisert saman med Overnattingar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42