56438_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
56438
Fleire overnattingar på Svalbard
statistikk
2012-01-06T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardnovember 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar på Svalbard

I november 2011 var det om lag 1 900 overnattingar ved hotell og andre overnattingsbedrifter på Svalbard. Det er ein oppgang på nærare 8 prosent samanlikna med same månad i 2010.

Overnattingar, etter formål og månad. 2011

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2011

Tendensen med fleire norske overnattingar held fram. Det var 140 fleire norske overnattingar på Svalbard i november 2011, ein auke på 9,3 prosent samanlikna med november 2010. Talet på utanlandske overnattingar var om lag uendra i same periode.

Ferieovernattingar på Svalbard auka med 18,8 prosent, eller kring 150 overnattingar, samanlikna med november 2010.

I november 2011 vart nærare 14 prosent av sengene og 27 prosent av romma utnytta. Losjiomsetninga auka svakt frå 1,35 til 1,36 millionar kroner i fjor samanlikna med november 2010. Losjiomsetning per tilgjengeleg rom og per utleigd rom var litt høgare i november 2011 enn tilsvarande månad året før.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ei peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: