66113_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
66113
God start for overnattingsstadene
statistikk
2012-03-09T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardjanuar 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

God start for overnattingsstadene

Det var over 2 100 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i januar i år, ein auke på 76 prosent frå januar 2011.

Overnattingar, etter formål og månad. 2011

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2011

Overnattingsstadene på Svalbard hadde over 900 fleire overnattingar i januar 2012 enn januar året før, og både norske og utanlandske overnattingar auka med høvesvis 75 og 79 prosent.

Tal på overnattingar i samband med kurs- og konferanse auka med nærare 600 overnattingar. Ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp 34 prosent samanlikna med førre januar, medan overnattingar i samband med yrkesreiser hadde ein oppgang på 18 prosent.

I januar i år nytta gjestane 14 prosent av sengene og 25 prosent av romma. Det er høvesvis 5,2 og 8,8 prosentpoeng høgare enn i januar 2011. Losjiomsetninga auka med 62 prosent.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ”gjestar”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjestar.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: