Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak nedgang i talet på overnattingar
Det var nesten 4 800 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i februar 2012, ein nedgang på 2 prosent frå februar 2011.
Nordmenn stod for åtte av ti overnattingar på Svalbard. Dette er om lag 150, eller 4 prosent, færre enn i februar året før. Utanlandske overnattingar auka med 70,9 prosent til 807 overnattingar i februar 2012.
Talet på overnattingar i samband med kurs og konferanse gjekk ned med 460. Ferie- og fritidsovernattingar auka med 15 prosent samanlikna med februar året før, medan overnattingar i samband med yrkesreiser var omtrent uendra.
I februar i år nytta gjestene 24 prosent av sengene og 36 prosent av romma på Svaldbard. Det er høvesvis 3,4 prosentpoeng og 5,3 prosentpoeng lågare enn i februar 2011. Losjiomsetninga auka derimot med 6 prosent, frå 2,5 millionar til 2,7 millionar kroner.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ” gjester”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjester. |
Losjiomsetning per tilgjengeleg romOmgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Overnattingar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42