84869_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
84869
Framleis nedgang i talet på overnattingar
statistikk
2012-05-04T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardmars 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i talet på overnattingar

Det var om lag 8 300 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i mars 2012, ein nedgang på 12 prosent frå mars 2011.

Overnattingar, etter formål og månad. 2012

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2012

Norske og utanlandske overnattingar var høvesvis 950 og 150 færre, eller 12 og 11 prosent lågare, enn i mars 2011. Som førre året utgjorde dei norske overnattingane 86 prosent av alle overnattingar, medan dei utanlandske utgjorde 14 prosent.

Britar, som er ei av dei største utanlandske gruppene gjester på Svalbard, hadde størst absolutt nedgang med om lag 150 færre overnattingar. Tyskland og Spania følgde etter med høvesvis 95 og 82 færre overnattingar.

Talet på overnattingar i samband med kurs og konferanse samt ferie og fritid gjekk ned med om lag 760 og 300 overnattingar, samanlikna med mars2011. Overnattingar i samband med yrkesreiser hadde minst nedgang, det var 40 færre overnattingar enn året før. Det svarar til ein nedgang på 3 prosent.

I mars 2012 hadde både talet på senger og talet på rom ein oppgang på 5 prosent. Kapasitetsutnyttinga av senger og rom var derimot 6,4 og 9,9 prosentpoeng lågare enn i mars i fjor. Losjiomsetninga gjekk ned 16 prosent, frå 8,1 millionar til 6,8 millionar kroner.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ”gjester”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjester.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom, med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: