Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre norske overnattingar i mai
Det var om lag 7 600 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i mai 2012. Det er ein nedgang på 13 prosent frå mai 2011.
I mai i år var det 1 400 færre norske overnattingar på Svalbard enn i mai 2011, som svarar til ein nedgang på 19 prosent. Utanlandske overnattingar auka i same periode med vel 200 overnattingar, eller 16 prosent.
Talet på overnattingar i samband med yrkesreiser, samt kurs- og konferanse, gjekk ned med høvesvis 280 og 800, samanlikna med mai i fjor. Ferie- og fritidsovernattingar hadde i same periode ein svak nedgang på 90 overnattingar, tilsvarande 2 prosent.
Kapasitetsutnytting av senger og rom fall frå mai i fjor til mai i år. Utnytting av senger fall frå 34,9 prosent til 30,0 prosent, medan romutnyttinga gjekk ned frå 55,2 prosent til 44,7 prosent. Losjiomsetninga gjekk i same periode ned 13 prosent, frå 5,7 millionar kroner til 5,0 millionar.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ”gjestar”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjestar. |
Losjiomsetning per tilgjengeleg romOmgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ei peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Overnattingar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42