84875_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
84875
Oppsving i overnattingar i juni
statistikk
2012-08-03T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardjuni 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oppsving i overnattingar i juni

Det var om lag 10 200 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i juni 2012, ein oppgang på 10 prosent frå juni 2011.

Overnattingar, etter formål og månad. 2012

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2012

I juni i år var det 570, eller 9 prosent, fleire norske overnattingar på Svalbard enn i juni i fjor. Utanlandske overnattingar auka i same periode med vel 350 overnattingar, tilsvarande 13 prosent.

Ferie- og fritidsovernattingar gjekk i juni opp med 1 196 overnattingar. Det svarar til ein oppgang på 25 prosent. Talet på overnattingar i samband med kurs og konferanse gjekk opp med 186 overnattingar, eller 7 prosent, medan yrkesovernattingar gjekk ned med 449 overnattingar, tilsvarande 26 prosent, samanlikna med juni året før.

Kapasitetsutnyttinga av både senger og rom auka frå juni i fjor til juni i år. Utnyttinga av senger var på 41,9 prosent, 3,8 prosentpoeng høgare enn juni 2011. Romutnyttinga gjekk opp 1,4 prosentpoeng og var i juni i år 54,5 prosent.

Losjiomsetninga per utleigd rom gjekk ned 5 prosent til 995 kroner. Total losjiomsetning var i juni i år 6,1 millionar kroner. Det var 2,4 prosent lågare enn juni i fjor.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ” gjestar”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjestar.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: