Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Oppgang i losjiomsetninga i juli
Total losjiomsetning var 6,7 millionar kroner ved overnattingsstadene på Svalbard i juli 2012. Dette er ein oppgang på 3 prosent samanlikna med juli 2011.
Losjiomsetninga per utleigd og tilgjengeleg rom gjekk opp høvesvis 9 og 4 prosent til 1 011 og 581 kroner i juli i år. Dette til tross for nedgangen i kapasitetsutnyttinga av senger og rom på høvesvis 2 og 5 prosent.
Det var om lag 11 200 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i juli 2012. Dette er omtrent same tal som i juli 2011. I juli i år var det 6 274 norske overnattingar på Svalbard. Dette er 400, eller 6 prosent, færre enn i juli året før. Talet på utanlandske overnattingar auka i same perioden med 350, eller 8 prosent, til 4 868.
Om lag to av tre overnattingar på Svalbard er knytte til ferie- og fritidsføremål, og i juli auka ferie- og fritidsovernattingar med 4 prosent til 7 290. Talet på overnattingar i samband med kurs- og konferanse gjekk opp med 166, eller 8 prosent, til 2 372, medan yrkesovernattingar gjekk ned med 487, eller 25 prosent, til 1 480. Alle desse tala er julital 2012 samanlikna med juli året før.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ”gjestar”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjestar. |
Losjiomsetning per tilgjengeleg romOmgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Overnattingar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42