84879_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnattingsv/maaned
84879
Færre overnattingar i august
statistikk
2012-09-28T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnattingsv, Overnattingar på Svalbard, hotell, gjestene sin nasjonalitet, formål, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingarReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingar på Svalbardaugust 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre overnattingar i august

Det var 11 700 overnattingar ved overnattingsstadene på Svalbard i august 2012. Dette er ein nedgang på 7 prosent frå august 2011.

I august i år var det 1 500, eller 16 prosent, færre norske overnattingar enn i august året før. Talet på utanlandske overnattingar auka i den same perioden med vel 650, eller 20 prosent.

Overnattingar, etter nasjonalitet og månad. 2012

Overnattingar, etter formål og månad. 2012

Ferie- og fritidsovernattingar gjekk ned med drygt 1 400, eller 19 prosent, medan talet på overnattingar i samband med kurs- og konferanse var omtrent uendra. Yrkesovernattingar gjekk opp med nærare 600 overnattingar, til vel 1 900. Dette er 43 prosent meir enn i august 2011.

Kapasitetsutnyttinga av både senger og rom gjekk ned frå august i fjor til august i år. Utnytting av senger var 46,0 prosent. Dette er 4 prosentpoeng lågare enn i august i fjor. Romutnyttinga gjekk ned 5,6 prosentpoeng og var 66,6 prosent i august i år.

Losjiomsetninga per utleigd rom gjekk opp 10 prosent til 1 002 kroner. Total losjiomsetning i august i år var 7,7 millionar kroner. Dette er 1,3 prosent høgare enn i august i fjor.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken gjeld berre overnattingar hos dei kommersielle overnattingsbedriftene i Longyearbyen, ikkje Barentsburg eller andre område på Svalbard. Merk skilnaden på ”overnattingar” og ”gjestar”. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. Statistikken reknar overnattingar og ikkje gjestar.

Losjiomsetning per tilgjengeleg rom

Omgrepet Revenue Per Available Room (RevPAR) gir eit viktig nøkkeltal som er forholdet mellom losjiomsetning (inntekt frå utleige av rom med fråtrekk av frukost og andre måltid) og talet på tilgjengelege rom. RevPAR uttrykkjer potensielt overskot og er ein peikepinn på kor dyktig hotelleiinga er til å konvertere tilgjengelege rom til omsetning.

Tabeller: